– Vi har samla dei mest lovande 15-åringane og 16-åringane, altså spelarar fødde i 2002 og 2003. Det var hundre jenter og hundre gutar her totalt, som alle har overbevist mange før dei har kome hit. Først har dei prestert godt i klubb, der etter har dei gått frå sonelag via kretslag og hit. No er neste steget å slå seg inn i ein landslagstropp, fortel Håkon Grøttland, fagansvarleg for landslagsskolen i NFF.

– Spelarane opplever dette som veldig stimulerande og motiverande. Her har vi samla de beste 15- og 16-åringane i Norge, så det er klart det er veldig inspirerande for dei å vere saman med likesinna, og kjenne at ein er ein del av ein bra gjeng med gode fotballspelarar. Det viktigaste er at spelarane blir stimulerte og motiverte til å trene enda betre og hardare når dei kjem heim igjen, seier Grøttland.

Frå Sunnmøre var desse med: Benedicte Lund Berge (Blindheim), Tora Ose (Ørsta), Martine Olsen (Blindheim), Kristine Guldbrandsen (Fortuna Ålesund) Tengel Lie Fredriksen (Aalesund) og Fredrik Sørensen (Aalesund).