Volda kommune endrar retningslinene for brøyting. Dei største endringane går på prioritering av mjuke trafikantar og kollektivtransport, i tillegg til å skulle brøyte mest mogleg på dagtid for å redusere kostnader.

Retningslinene vart vedtekne for 26 år sidan, og kommunen seier at mykje har endra seg dei siste åra.

– Køyretøy har vesentleg betre evne til å ta seg fram, og innbyggjarane har behov for føreseielege kvardagar. Kommunen har investert i nye og betre køyretøy for gjennomføring av brøytinga, og på bygdene har vi avtalar med private entreprenørar. Kommunen har også investert i nytt strøgruslager under tak, noko som betrar situasjonen monaleg. Det vert mindre problem med frost i strøgrus/saltblandinga, skriv dei i sakspapira til forvaltningsutvalet.