Svendsengarden var tyngepunktet i det gamle Ørstavik og vegen mellom den og kyrkja vart ein hovudveg. «Det var langs denne vegen den første eigentlege tettstadsbusetjinga vaks fram på slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet», står det i Kulturminneplanen. Og vidare: «Mykje av dette trehusmiljøet er bevart, og her ligg mykje av den historiske identiteten til tettstaden Ørstavik. Mange sentrumsfunksjonar knytt til administrasjon, tenesteyting og handverk fann sin plass her. I Kyrkjegata var det bank, telefonsentral, bokhandel, landhandel, kafe, bakeri, butikkar, meieri, skofabrikk, med meir. Også det religiøse livet falda seg ut her, med bedehus, frikyrkje og klokkarstove.»

Trehusmiljøet i den eldste delen av Kyrkjegata er både lokalt og regionalt kulturminne, og er regulert til bevaring. «Sjølv om den største verdien til miljøet i Kyrkjegata ligg i heilskapen, er det avgjerande at kvar einskild element vert ivareteke på ein måte som held heilskapen ved like», står det i Kulturminneplanen.