I regi av Ørsta kommune og Ørsta Næringskontor vart det fyrste planleggingsmøtet for festivalen halde i Bakketunet tysdag.

– Basisen for festivalen vert matkulturen i denne fjorden. Då er vi nøydde til å ha med oss flest mogleg som kan fortelje, og som kan vere med på å lage til festivalen, seier næringssjef Odd Magne Vinjevoll frå Ørsta Næringskontor.

Han fortel at festivalen er eit konkret resultat av masterplanen for reiseliv i Hjørundfjorden.

Ideen om ein mat – og kulturfestival har vorte teke godt i mot i bygdene i indre del av Hjørundfjord. Og det møtte folk frå dei fleste grendene til møtet om festivalen.

Ideane myldra, og no vert kunsten framover å avgrense seg, framfor å kome fram med nye idear til kva som skal stå på programmet i dagane 7. til 9. september.

– Det er vel klart at denne festivalen vil erstatte Midtsumarfesten på Bjørke, som har vore litt i dvale dei siste åra, forklarte Maria Nikkinen Rørstad, ei av dei lokale som vil medverke under festivalen.

Det som er klart etter idedugnaden tysdag er at dei ymse grendene inst i Hjørundfjorden går saman om å få til festivalen, både med å skaffe kortreiste råvarer, og med å stelle til maten.

Det skal jaktast og fiskast. Det skal dyrkast grønsaker og urter. Gamle oppskrifter skal hentast fram, og maten skal stellast til. Alt dette vert til i ein miks av historieforteljing og kulturopplevingar.

Bakketunet på Åkre vert sentralt i festivalen. Noko av det som er heilt klart, er at eit av høgdepunkta under festivalen vert i dette tunet søndag 9. september. Då skal det serverast eit måltid med minimum åtte rettar. Dette vil koste ein del for dei som deltek på middagen, men arrangørane trur det vert eit etterspurt arrangement.

Kva som skal stå på menyen er ikkje klart, men lokalmatentusiast Per Atle Røe hadde nokre innspel:

– Gammalsalta lyr og raksild er mat som er typisk for dette området, sa han.

At gammalsalta lyr vert servert, var det ingen sterke reaksjonar på.

– Men raksild er ikkje godt, sa Nikkinen Rørstad.

– Det handlar berre om å gje litt smaksprøver, ikkje å ha det som hovudrettar, insisterte Røe.

Idemyldring: Ideane hagla inder dugnaden i Bakketunet tysdag. Foto: Rune Sæbønes