Trafikkfarleg strekning skal få gang- og sykkelveg

Statens vegvesen vil etablere gang- og sykkelveg på strekninga frå Håvollbakken i nord til krysset ved Halsevegen i sør.

Det opplevast farleg for gåande og syklande å ferdast langs vegen

Nyheiter

Vegvesenet skal i samarbeid med Ørsta kommune utarbeide ein detaljreguleringsplan for E39 på Liadal, og dei bed om innspel til arbeidet. Dei som har innspel må kome med desse innan 10. februar.

Mål med planarbeidet er å skaffe formelt plangrunnlag til å utbetre E39 på strekninga.

– Store delar av vegstrekninga på Liadal ligg i sidebratt terreng og vegen er svært smal. Kurvatur og rekkverk på vestsida av vegen medverkar til dårlege siktforhold. Dei langsgåande murane på austsida av vegen er i dårleg forfatning og det må gjerast tiltak for å sikre desse. Det er heller ikkje løysing for mjuke trafikantar på strekninga, og det opplevast farleg for gåande og syklande å ferdast langs vegen, skriv vegvesenet i utlysinga.

Planområdet på E39 Liadal strekkjer seg frå kryss ved Håvollbakken i nord til krysset ved Halsevegen i sør. Det blir teke med tilstrekkjeleg sideareal for å sikre ei trygg trafikkavvikling i anleggstida, i tillegg til å vurdere moglegheitene for å samle eller betre tilrettelegginga for tilkomstar der dette er nødvendig.

– Vi tek siktemål om å legge til rette for etablering av gang- og sykkelveg på strekninga, melder vegvesenet.