Det syner dei ferske tala frå Avinor, og lufthamnsjef Sverre Bae seier seg nøgd.

– Dette viser at det er fleire reisande per fly, og det verkar positivt både overfor ureining og støy, seier Bae.

Det var 108.553 passasjerar til og frå Hovden i 2017, og av desse var det 776 som mellomlanda.

I alt var det 4.111 flyrørsler frå Widerøe si side, og det er 1,5 prosent færre enn i 2016.

I desember var det ein vekst på 5,7 prosent samanlikna med desember 2016. 8.489 passasjerar reiste til og frå.

– Dette vil seie at vi hadde vekst i ti av tolv månader ved flyplassen vår i 2017, seier Bae.

Ørsta – Volda lufthamn, Hovden, var den flyplassen med den mest positive trafikkutviklinga blant kortbaneflyplassane på Vestlandet i 2017. Ved sida av Hovden var det berre Førde som hadde vekst. Florø, Sandane og Sogndal fekk redusert passasjertrafikk, syner tala frå Avinor.