Slutt for Lefdal - blir Elkjøp

Lefdal blir Elkjøp, og held fram som før i Furene.

Lefdal i Furene vert Elkjøp frå 15. januar. (Arkivfoto)

Nyheiter

Måndag kveld vart det klart at elektronikkjeda Lefdal vert lagt ned. Frå og med 15. januar vert alle butikkane gjort om til Elkjøp-butikkane. Dei to elektronikkjedene har hatt same eigar gjennom fleire år. Lefdal har vore etablert i Furene, medan Elkjøp er på plass i Hovdebygda. HG Handel eig begge desse butikkane, og dagleg leiar Ingar Teigene vil Lefdal-butikken i Furene no bli til Elkjøp og at ingen vil miste arbeidet sitt.

– Det er viktig for oss å behalde arbeidsplassane, vi har mange flinke folk og dei må bli tatt vare på på ein god måte, seier Teigene til NRK Møre og Romsdal.

Totalt var det 21 Lefdal-butikkar i Noreg, og alle desse vil no bli Elkjøp.