Kuttar postsortering i Hovdebygda

Vert flytta til Molde.
Nyheiter

I 2013 vart Posten si sorteringsavdeling i Stryn til Hovdebygda. No er det klart at postsorteringa i Hovdebygda vert flytta til Molde. Det er Møre som skriv dette.

- Digitaliseringa i samfunnet har ført til endringar i posten, der vi må prøve å møte nedgangen. Noko av dette er innføring av post i butikk og sett på laurdag som sendingsdag, seier pressesjef John Eckhoff i Posten til avisa.

I Hovdebygda vart det tilsett 4,4 årsverk til postsorteringa. Desse årsverka er no fjerna.

- Dette har vi løyst med naturleg avgang og ny jobb. 0,4 årsverk er sagt opp. To med naturleg avgang, ein som har slutta og ein som har fått ny jobb.