Færre melde seg ut av kyrkja

Ørsta kyrkje: 15.463 personar melde seg ut av Den norske kyrkja i fjor, mot 41.024 året før.Foto: Erik Bergmann

Nyheiter

I fjor melde 15.463 personar seg ut av kyrkja, mot 41.024 året før, viser tal som avisa Dagen har henta inn.

– Det er gledeleg at talet på utmeldingar har gått ned, og eg rekna med at vi skulle ende på omtrent dette nivået i fjor, seier biskop og preses for bispemøtet Helga Haugland Byfuglien til avisa.

Hovudårsaka til at så mange melde seg ut i 2016, var at det vart innført eit nytt system der det er mogleg å melde seg ut elektronisk.

Oslo bispedømme har flest utmeldingar i 2017 med 2.298. Deretter følgjer Bjørgvin, Agder og Telemark og Stavanger med om lag 2.000 utmeldingar kvar.

Samstundes går òg talet på personar som melder seg inn i Kyrkja ned. I fjor melde 2.480 personar seg inn, om lag 700 færre enn året før.