Stengjer veg grunna det venta uvêret

Norangsdalen er stengd grunna vêret.
Nyheiter

Laurdag klokka 22.00 vart fylkesveg 655 gjennom Norangsdalen stengd. Årsaka er uvêret som er venta å nå Møre og Romsdal og Trøndelag søndag natt eller morgon.

Les også: Ekstremvêret Cora treff Midt-Noreg søndag

Søndag vart det gjort ei ny vurdering av situasjonen, og vêret gjer at veg framleis er stengd. Det vil bli teken ei ny vurdering om opning måndag melder Vegtrafikksentralen Midt.