Starta året med frisk luft

10. klassingane som har valfaget Frisk og rask ved Ørsta ungdomsskule starta skuleåret med spasertur i frisk vintervêr.

Gåtur: Denne gjengen med 10.klassingar startar det nye skuleåret med gåtur onsdag.Foto: Joachim Åsebø

Nyheiter

Rundt tjue elevar fekk ein god start på det nye skuleåret onsdag. I valfaget Frisk og rask stod uteaktivitet på timeplanen, og elevane var ute og gjekk tur i det fine vintervêret.

– No har vore oppom det nye byggefeltet og er på veg tilbake til skulen. Neste veke vert det meir uteaktivitet. Då står langrenn på programmet og vi skal på tur til Daleteigane. Då får vi også teke i bruk skiparken til Ørsta ungdomsskule, seier kroppsøvingslærar Einar Myrold som hadde med seg elevane ut i frisk luft onsdag.