Ekstraframsyningar

Over tusen har sett «Den 12.mann»

1.055 personar har sett «Den 12.mann» på kino i Ørsta. No vert det ekstraframsyningar.

Den 12.mann: Ørsta kino set opp ekstraframsyningar av «Den 12.mann». Hittil har 1.055 personar sett filmen i Ørsta.

Nyheiter

Filmen «Den 12.mann» har særs godt besøk i Ørsta, som i resten av landet. Derfor har vi sett opp mange ekstraframsyningar, inkludert ei dagkinovisning måndag 22.januar. Hittil sett av 1055 personar berre her i Ørsta, fortel kinosjef Janne Grytten Skarstein.

Filmen handlar om Jan Baalsrud si strabasiøse flukt med Gestapo i hælane. Troms, 1943. Tolv sabotørar på ei fiskeskøyte vert overraska av tyske soldatar. Elleve menn vert torturert og drept, berre den tolvte klarer å sleppe unna.

Med skot i foten, gjennomvåt og med hundre meters forsprang flyktar Jan Baalsrud ut i den nådelause, nordnorske vinteren med Gestapo i hælane - heilt uvitande om at han snart vil verte sjølve symbolet for den norske motstandsrørsla på grunn av si ukuelege vilje til å overleve.

-  Flukta til Jan Baalsrud varer i to månader og vert framleis rekna som ei av dei mest utrulege overlevingshistoriene frå andre verdskrig, fortel Grytten Skarstein.