– Det kan bli orkan og vindkast opp i 40 meter per sekund, seier meteorolog Geir Ottar Fagerlid til nettstaden yr.no.

Fredag gjekk Meteorologisk institutt ut med varsel om kraftig vind i såkalla Fase A, som inneber at versituasjonen kan bli farleg og er sett under auka observasjon.

Årsaka er eit kraftig og uføreseieleg lågtrykk som held på å danne seg ved Island, og som ser ut til å treffe norskekysten nord for Stad søndag morgon og føremiddag, skriv yr.no.

–  Dersom prognosane ikkje nedrar seg i løpet av det komande døgnet, luktar det Fase B av dette. Då vert det erklært som ekstremver og vil få eit eige namn, seier Fagerlid.

Men det ser ut til at det er Sør-Trøndelag som vert hardast råka.

Lågtrykket ser ut til å treffe Møre og Romsdal med sørvestleg sterk storm tidleg søndag morgon. Deretter går det mot Trøndelag og Helgeland utover føremiddagen. På kysten av Fosen kan det bli kortvarig orkan.

Iføglje meteorologen kan vindkasta kome opp i ein vindstyrke på 40 meter per sekund.

Meteorologane vil kome med eit nytt varsel laurdag.

- Lågtrykket oppfører seg litt uvanleg, og vi kan difor ikkje seie med sikkerheit om det blir ekstremver. Det kan bli sterkare, svakare eller rett og slett forsvinne. Difor går vi breitt ut i denne fasen for å førebu dei som kan bli råka, seier Fagerlid.