«Hans Reite, er det ikkje på tide å late Herren ta seg av dømminga av levande og døde?»

Slik reagerte mat- og landbruksminister Jon Georg Dale på eit lesarinnlegg frå predikanten Hans Reite. Reite gjekk til åtak på Ørsta/Volda Pride, som er planlagt arrangert i mai, og som m.a. skal fremje homofile sine rettar.

Dale sin reaksjon i Møre-Nytt torsdag 23. november skapte mykje mediemerksemd, og gjorde at debatten om eit Pride-arrangement i Ørsta og Volda vart ein rikssak.

I kjølvatnet av debatten rykte også prestane i Ørsta og Volda ut, og tok avstand frå Reite sin måte å førdømme homofile på.

Slutt på Rjåneset

Den 2. november fortalde Møre-Nytt at det var slutt for Rjånes Ungdomssenter etter 48 års drift. Same dato kunne Møre-Nytt også fortelje at minst åtte millionar kroner står på spel for Ørsta kommune om Bjørke krins skiftar kommune. Det er inntektene Ørsta får frå kraftverksemda i området.

I november var det blå sløyfe-aksjon i Noreg for fyrste gong, i regi av kreftforeininga. Aksjonen har søkjelys på prostatakreft. I samband med dette fortalde lufthamnsjef Sverre Bae om sin lagnad i Møre-Nytt den 4. november. Han har prostatakreft, og oppmodar menn om å våge å ta ein underlivssjekk om dei kjenner at noko er gale.

Sytti år med orkester

Høgskuleorkesteret feira sytti år i år, og den 9. november fortalde nestorane Helge Hamsaas og Nils Ose om deira tid i det unike orketseret.

Mørenett er i gang med eit nytt vedlikehaldsprogram for linenettet. I staden for å rykkje ut og reparere, satsar selskapet no på å vere føre var. Langs sytten mil med lågspentliner skal skog ryddast over heile Ørsta, stod det i Møre-Nytt 14. november.

Budsjetta i Ørsta og Volda vert lagt fram. I begge kommunane vert det satsa på tunge investeringar, men Volda har litt meir pengar enn Ørsta, grunna kommunesamanslpinga med Hornindal.

Ørsta formannskap kjøper seg goodwill på Bjørke med å rå til at Finnesvegen vert opprusta for ein million kroner. Det meiner Ivar Ølnes på Finnes er på tide. Fyrst trur han meldinga er ein spøk, stod det i Møre-Nytt 30. november.

Og Osgeil-saka gjekk vidare. I november handla det om høyringsfråsegnene til dei forslaga som låg føre.