I boka "Ørnulf Opdahl I mørket er lyset" kan vi lese følgande: "Maleriet som et bilde av Ramoen i Volda kommune".

Dette er overskrifta i eit kapittel som handlar om biletkunstnaren Ørnulf Opdahl sitt forhold til fjella i Hjørundfjorden, og spesielt Ramoen, eller Jønshorn som det også er kjent som.

Då Møre-Nytt ringer Opdahl for ein kommentar er han tydeleg.

– Dette er ein telefon eg har venta på. Det er ein skandale, i alle fall ein skandale i anførselsteikn. Eg veit godt kva for kommune Ramoen ligg i, seier Opdahl.

Boka kjem ut i samband med den retrospektive Opdahl-utstillinga i Kunstmuseet Kube i Ålesund. Forfattarane er Gunnar Danbolt og Tove Lande. Danbolt er professor i kunsthistorie. Men altså ikkje noko ekspert på geografi på Sunnmøre.

– Det spørst om ikkje dette kapittelet er skrive av Danbolt. Vi får skulde på at han er bergensar, seier Ørnulf Opdahl.

Sjølv hadde ikkje Opdahl lese manus før boka kom ut.

– Eg fekk boka og noko av det første augene fall på var dette kapittelet, med denne overskrifta. Då fekk eg bakoversveis, seier Opdahl, som håper at lesarar på Sunnmøre vil bere over med tabben.

I Ørsta: Ørnulf Opdahl hadde utstilling i Ørsta i haust. Her med eit bilete med motiv frå Hjørundfjorden Arkivfoto Foto: Svein Aam