– Dagens ferjekai er i dårleg stand og må erstattast med ei ny kai. Frå 1. januar 2020 skal det setjast inn heilelektrisk ferje på sambandet og kaia må vere tilrettelagt for det, heiter det i ei pressemelding frå Statens vegvesen.

Det skal byggast ei ny og større ferjekai, med moglegheit til liggjekai på utsida av kaia. Den nye ferjekaia får ei lengd på 108 meter, og skal byggast om lag fem meter frå landkaret på den gamle kaia.

Det skal også byggjast ny gang- og sykkelveg langs sjøen der kaia går i dag. I tillegg skal det byggjast nytt venterom med toalett. Det vert opparbeidd nytt grøntareal bak den gamle kaia. Det skal også gjerast arbeid mot E39 Sjøgata for å hindre undergraving av vegen.

Reiarlaget som skal drifte sambandet har ansvar for å bygge ladebygget til den elektriske ferja.

Ferjetrafikken skal gå som normalt i heile byggeperioden, heiter det frå Statens vegvesen