– Noko eg lærte denne dagen, er at vi med innvandrarbakgrunn er like forskjellige som andre. Eg kunne vere veldig samd med ein nordmann, og heilt uenig med ein innvandrar i en diskusjon, seier Harbid til Møre-Nytt.

Kommunestyremedlem i Volda, Uthman Harbid (Ap), var blant dei som deltok på migrasjonsdagen på

Fekk ikkje svar Harbid ville gjerne få vite meir om stortingspresident Olemic Thomessen sitt syn på situasjonen i Palestina. Foto: Stortinget

Stortinget fredag.

Alle fylkestings- og kommunestyrerepresentantar med minoritetsbakgrunn var inviterte til å tilbringe ein dag på Stortinget.  Det skriv Volda kommune på eigne nettsider.

Harbid nytta høvet til å stille både stortingspresident Olemic Thommesen (H) og stortingsrepresentant Abid Q. Raja (V) kritiske spørsmål om situasjonen til Palestina.

– Toppolitikarar er veldig gode til å unngå å svare på spørsmål, seier Harbid og ler.

Fekk beroligande råd

Han er sjølv frå Gaza i Palestina, og kom til Noreg i 2009, for over åtte år sidan. Han sette pris på å møte folk med innvandrarbakgrunn som har mykje lengre erfaring med det norske samfunnet enn han sjølve.

– Eg prata med folk som har budd i Norge i 40 år, og dermed tilbragt det meste av livet sitt her. Eg er ivrig og utålmodig, men dei sa til meg «slapp av, alt ordnar seg». Det var fint, fortel Harbid.

Utstøtt somalisk kvinne gjorde inntrykk

Ei dame ifrå Somalia gjorde inntrykk på han:

– Ho sa at ho hadde fått hatmeldingar og mista mange venner fordi ho hadde byrja å tenke og handle sjølvstendig.

Og å handle sjølvstendig gjorde Harbid også. Han reiste seg opp og klappa, sjølv om det eigentleg var brot med kutymen på Stortinget.

– Det var etterkvart mange som klappa, seier han, og trekker fram dette som eit godt minne frå dagen på Stortinget.