Rustenesta i Ørsta vil ikkje rette peikefinger mot dei vaksne, men oppmodar om å ha fokus på borna i jula.

– Dei vaksne synest kanskje ikkje at dei drikk unormalt mykje, men for dei små kan litt vere nok til at dei vert utrygge, seier Signe Aksnes, Line Borgen og Astrid Skare frå rustenesta.

Dei fortel at Vinmonopolet har dobbel så stor omsetning i desember, som for resten av året. I tillegg kjem julebord, lønningspils og andre sosiale «krav» dei vaksne ofte føler dei må delta på.

– Kanskje går det an å takke nei til nokre av tilboda, og heller finne på kjekke aktivitetar saman med borna?, oppmodar dei.

At mor eller far plutseleg er ekstra snille, blide og nøgde utan forvarsel, eller at dei vert meir kranglete enn elles, kan verke skremmande på born, seier dei, og fortel at born er svært vare på endringar i veremåten til foreldra når dei drikk alkohol.

– «God stemning» betyr ikkje alltid det same for born og vaksne. Det at dei vaksne opplever stemninga som god, kan opplevast heilt annleis for borna.

Store mørketal

Folkehelseinstituttet meiner at så mange som 90.000 born i Noreg lever i heimar der minst ein av foreldra misbruker alkohol. Dei seier også at mørketala er store.

– Konsekvensane av born sine opplevingar i ein heim med mykje alkohol kan vere at dei vert inneslutta og stille. Uttrykk for sorg og glede er ikkje slik det skal vere. Julegleda til born kan minke i takt med at foreldra sitt alkoholforbruk aukar. Dette kan det vere grunn til å reflektere over, både for foreldre, besteforeldre og andre vaksne som feirar jula saman med born.

Ta praten

Rustenesta oppmodar om å «ta praten».

– Det er viktig at dei vaksne snakkar med borna om korleis dei opplever det, og at dei vaksne snakkar med kvarandre om kva slags julefeiring dei vil ha, og korleis dei skal legge til rette for at julefeiringa først og fremst skal vere trygg og koseleg. Og vi vil ikkje vere moraliserande, og vi meiner heller ikkje at det nødvendigvis må vere totalforbod mot alkohol i heimen. Men vi oppmodar vaksne om å tenke over kven dei skal ta omsyn til: Borna eller seg sjølve.

Dei viser til ei nasjonal undersøking (utført av den ruspolitiske organisasjonen IOGT) som viser at seks av ti nordmenn er samde i at dei drikk for mykje alkohol i jula når borna er til stades. Fire prosent seier at dei har opplevd at besteforeldre har nytt alkohol på ein slik måte at det vert ubehageleg for borna, og 14 prosent synest det er vanskeleg å snakke med besteforeldre om å redusere alkoholbruken når dei er saman med barneborna i jula. Halvparten meiner at besteforeldre bør la vere å drikke alkohol i julehøgtida når barneborna er til stades.

– Det er ikkje mengda alkohol eller kor ofte folk drikk alkohol som er avgjerande, men korleis familien fungerer, og korleis alkoholinntaket påverkar dei kjenslemessige banda i familien. Borna opplever ofte alkoholforbruket som eit problem lenge før det er snakk om ein mengde som er helseskadeleg for den som drikk. Det kan sjølvsagt også vere andre rusmiddel som er skadelege i familien, men alkohol representerer det største rusmiddelproblemet i Noreg og i verda, fortel dei tre frå rustenesta.

Lojale

Dei held fram at borna er lojale mot foreldra, og sjeldan seier ifrå om at dei opplever alkoholforbruket i heimen som vanskeleg.

– Det er difor viktig å reflektere over kva som kan oppfattast som eit alkoholproblem. Når borna eller andre i familien opplever det som eit problem, då er det eit problem. Alkoholforbruket har stege monaleg sidan 90-talet, særleg blant kvinner. I dag er det meir vanleg at trelitaren står på kjøkkenbenken, og at folk tek seg eit glas eller to, same kva dag det er i veka. I tillegg kjem det norske drikkemønsteret med høgt inntak av alkohol i helgane. Det er heller ikkje uvanleg at folk legg ut på sosiale medium at dei midt i veka kan kose seg med «eit glas raudt». Folk bør tenke over kva signal dette gir, og at alle vaksne er rollemodellar. Tenk over kva som skal til for at borna, og dei vaksne, skal oppleve ei trygg og triveleg julefeiring, oppmodar rustenesta.