Saka om kommunal garanti på låneopptak og tilskot i samband med kjøp av grunn til idrettsanlegg på Vartdal vart handsama som siste sak i kommunestyret torsdag. Under møtet hadde det versert rykter om at saka kunne møte motbør, og at eit negativt vedtak for Vartdal TIL sin del vil setje ein stopp for heile prosjektet. I tilrådinga frå administrasjonen var det lagt opp til at Ørsta kommune skulle gje eit tilskot på inntil syttifem prosent av kostnadane med å få hand om grunn og grunnkjøp for idrettsanlegg på Vartdal. Tilskotet var på 2.234.200 kroner. Restbeløpet, kr 778.066, skulle dekkjast av Vartdal TIL.

Under debatten møtte saka mykje positivtet, men det kom hint frå ordførar Stein Aam at realitetane var litt annleis enn det som låg føre i tilrådinga.

– Tilrådinga frå administrasjonen ser grei ut, men går vi inn for den tilrådinga vil det ikkje bli sett i gang noko bygging på Vartdal. Eg har vore i samtaler med idrettslaget og næringslivet på Vartdal, og den faktiske summen som er lagt ut er 4.177.238 kroner. Spørsmålet for meg er om vi kan skaffe 1.044.000 kroner. Enten må vi skrive om forslaget eller så blir det stopp på Vartdal, sa Aam frå talarstolen.

Ordføraren fekk kritikk frå fleire om at dette var informasjon som vart lagt fram under møtet.

– Vi har fått ei sak å forhalde oss til. Det er kritikkverdig at informasjonen ikkje kjem fram før no og det er høgst uryddig, sa Paul Kristian Hovden (KrF).

– Utsett vi saka no så trekk næringslivet seg, sa Odd Magne Vinjevoll (Frp).

Det var bestemt å ta eit gruppeleiarmøte, og det vart fremja eit forslag.

– Ørsta kommune vil ta særleg omsyn til det spesielle og langvarige arbeidet med å skaffe grunn på Vartdal og at idrettslaget sjølv stod for reguleringsarbeidet som gav nødvendig heimel for å overta grunnen til idrettsføremål med å fastesette idrettslaget sin andel av kostnadane. Tidlegare har det vore vanleg at idrettslaga sin andel har vore tjuefem prosent av grunnkostnaden, heitte det i forslaget.

I forslaget vart det lagt vekt på det historiske i saka og difor ville ein fråvike presedensen. Tilskotet til Idrettslaget skal dekkast av disposisjonsfondet.

– Eg kjem til å støtte forslaget som no ligg framme, men det er med ekstremt sterk bismak i munnen, sa Sven Castberg (H).

– Dette kjem til gjere ekstra vondt etter tidlegare kutt i budsjettet. Dette er ei historisk sak som vi må få i land. Eg veit nesten ikkje kva eg skal seie, men eg ønsker Vartdal lykke til, sa Gunnar Knutsen (V).

– Vi har kanskje strekt skinnfellen vel langt, men slik er det, sa Ola Perry Saure (Sp).

Punktet knytt til tilskot vart vedteke mot fem stemmer. Dermed kunne leiar Jon Helge Bjørndal i idrettslaget, som sat på sidelina og var ugild i saka, sleppe jubelen laus. I tillegg har det blitt lagt inn eit krav om at Vartdal skule får fri bruk av idrettsanlegget. Dette vart samrøytes vedteke.