I vår evige runddans med EU er det ei viktig sak som typisk nok har vore lite omtala i den overvegande EU venlege norske rikspressa. Den mektige og til dels arrogante EU-kommisjonen har motvillig akseptert at nasjonalstatane sjølve kan innføre og forlenge kontrollen ved sine eigne grenser.

Dette skjedde ikkje utan motstand, men la oss ta det i kronologisk rekkefylgje. Alle har erfart at EU ikkje har hatt skikkeleg kontroll på yttergrensene og i mai 2017 gav kommisjonen grønt lys for nasjonalstatane til sjølv å sette i verk naudsynt kontroll. Men, sa kommisjonen, dette vert siste gong slikt løyve vert gitt, frå november same år skal det gamle Schengen-regimet vere på lufta igjen. Tysklands kanslar Angela Merkel vart irritert på dette ultimatumet og slo fast at hennar land kom til å utøve nasjonal grensekontroll også etter november.

Som ei forlenging av dette sende Noreg, Danmark, Tyskland, Frankrike og Austerrike eit grunngjeve forslag til kommisjonen om nye grensereglar i Schengen, no grunngav dei kontrollbehovet også med terrorfare. Alle dei fem landa kravde at dei sjølve må kunne forlenge kontrollen om dei ser behov for det, at dette ville ta avgjerdsmakt frå EU-kommisjonen var underordna. Byråkratane i EU var rasande, men makta rår, byråkratane våga ikkje å utfordre mektige statar som Tyskland og Frankrike. Dei frykta også å tape andlet ved at dei fem landa likevel ville halde fram med dei nasjonale kontrollane utan å bry seg om eventuelle påbod frå kommisjonen. Nederlaget ville verte for openbert, derfor bøygde kommisjonen av for presset og uttalte at «kontrollen kan forlengast til eit år og også lenger om terrortrusselen held fram». Fjernar vi alle inkjeseiande honnørord betyr dette at landa sjølve definerer kva som er «terrortrussel», nasjonalstatane har fått «tidsuavgrensa» råderett over eigne grenser og EU-kommisjonen har fått avgrensa makt, og ikkje minst, tap av andlet.

I ein større samanheng er dette særs viktig for Noreg, langt utover Schengen-regimet og grensekontrollen. Den mektige og udemokratiske EU-kommisjonen gav her etter i ei viktig, overnasjonal sak om grad av nasjonal råderett, eg er overtydd om at dette også kan få betydning når det gjeld Noreg sitt tilhøve til EØS og EØS sine evige direktiv som ofte går på tvers av både folkevilje og nasjonal sjølvråderett, ja direktiva kan ofte trumfe vår eiga grunnlov.

La meg straks slå fast at eg er for EØS-avtalen, den er viktig for næringslivet, vi veit kva vi har og absolutt ikkje kva vi får. Dette gjeld også etter brexit sjølv om vi her må kunne vedgå at vi er på upløgd mark. EU-kommisjonen sitt tilbaketog i grensekontroll-saka kan gi grunnlag for å tru at handlingsrommet for å stå opp mot dei mest «unorske» direktiva kan vere verd å prøve. Det kan vere freistande å våge seg på den vidgjetne vetoretten eller reservasjonsretten i gjevne saker eller i det minste utfordre kommisjonen med framlegg som går imot dei mest outrerte direktiva. Sanninga har vel vore at vi i expressfart har implementert direktiva i norsk lovgjeving nærmast utan motstand eller forutgåande politisk debatt. Dette er etter mi meining den største bøygen ved vårt EØS medlemskap, at ein rik nasjon som Noreg må betale nokre milliardar årleg for tilgang til den indre marknaden kan vi meget vel leve med, det er det minste problemet med vår stadig omdiskuterte EØS-avtale.

Ha ein europeisk weekend utan direktiv …