– Du har vore ein samfunnbyggjar og ein brubyggjar i bygda, sa ordførar Stein Aam, før han på vegner av Kongen feste fortenestemedaljen på brystet til Reidar Øye.

Dette var høgdepunktet under ein høgtideleg fest i Ørsta laurdag, for å heidre Reidar Øye.

I grunngjevinga for medaljen står mellom anna: "Reidar Øye har i over 50 år lagt ned eit stort frivillig  arbeid for barn og ungdom i Ørsta kommune. Reidar er den som oftast knyter dei  fyrste viktige banda, mellom den søkjande unge og organisert lagsarbeid. Reidar er ofte den første på bana og låser opp dører og riggar til, slik det er klart når rekruttane kjem. Mange vaksne kan takke Reidar for at dei fann ein aktivitet som gav meining og meistringsfølelse alt i ung alder. Han har aktivt medverka til at ungdomen har lært trygg omgang med våpen, noko som dei og samfunnet har nytte av gjennom heile livet. Både i førstegongsteneste, HV,  som jeger og som skyttar i Skyttelaget. Reidar er eit lysande døme på korleis ein driv samfunnsnyttig og sosialt arbeid heilt utan lønn. Han er eit fyrtårn som viser korleis det kan gjerast."