På Møre-Nytt si Facebookside har det kome rundt 40 kommentarar til Volda-poltikarane sitt forslag om å setje opp bom i Hovdebygda, slik at ørstingane i større grad skal vere med på å finansiere den planlagde bompengepakken for Volda-Ørsta.

–Dette viser kva Volda står for. Betale for å kome til flyplassen, VØR, butikkane i Furene, Volda, Stryn/ Nordfjordeid. Nei det bør stemmast nord og ned. Ørsta må aldri godta dette, skriv ein av Møre-Nytt sine lesarar.

Nei,nei, nei

Og det er variantar av denne kommentaren som dominerer.

–Ein bomstasjon i Hovdebakken vil føre til at det blir bompengar når ein skal til flyplassen, lensmann, Elkjøp, Vik Ørsta, Skeidar, osv, osv osv. IKKJE TEMA EIN GONG!, skriv ein av lesarane.

Nokre er opptatt av at bompenegeringen vil ha hol.

–Nei, nei, nei og heilt uaktuelt! Blir stor trafikk på Krøvelseidet dersom  dokke opna for bompengar!, er ein kommentar.

Og mange har ein kort og tydeleg kommentar: «Nei».

Også støtte

Nokre er meir nyanserte.

–Bompengar er eit godt eigna middel for å redusere biltrafikken, slik som i store byar. Bompengar for å finansiere vegbygging er derimot både byråkratisk og ineffektivt. Frå før har vi verkemiddel som vegavgift (som no blir innkrevd gjennom forsikringa) og avgift på drivstoff. Det er berre snakk om å setje eit passe nivå på avgifta viss det er finansiering av vegbygging som er måle, skriv ein av dei som har kommentert bompengeforslaget.

–Betalar gjerne

Men ikkje alle er avvisande til tanken på bompengar, som skal gå både til Voldatunnel og til ulike samferdsletiltak mellom Ørsta og Volda.Ein av lokalpolitikarane i Ørsta skriv: "Eg betalar gjerne kr 25 i bompengar for å reise til Volda. Men då vil eg ha Ørstafjordkryssinga.  Vi må få ned trafikken gjennom Ørsta sentrum. Der må verte ei maksgrense for dei som bur i området og kryssar ofte."

Møte fredag

Fredag diksuterte den politiske leiinga i Ørsta og Volda bompengeplanane. Det vert sett ned ei eiga styringsgruppe som skal jobbe vidare med saka. Styringsgruppa skal ha tre politiske representantar frå kvar kommune, to frå posisjon og ein frå opposisjon. Alternativa det står om er m.a. at det vert bom både i Ørsta og i Volda, eller som tidlegare lagt fram: i Volda og på Ekset/Mork. Det siste alternativet ser Volda-politikarane på som lite aktuelt, all den tid Ørstafjordkryssinga skal vere med i prosjektet. Då vil Volda heller halde fram aleine, utan fjordkryssinga.

I bompengepakken ligg det også føringar for å ta med fleire tiltak langs E39 mellom Ørsta og Volda, mellom anna ei utbetring av Osbrua.

– No vil vi avvente og sjå kva Statens vegvesen har med i sin handlingsplan som kjem 2. februar. Der vil vi få signal om kva tiltak dei eventuelt vil ta tak i her i området. Etter dette vil vi ha eit felles formannskapsmøte der vi skal diskutere kva som eventuelt kan vere med i ein bompengepakke, fortel ordførar Stein Aam etter møtet.

Skeptisk

For Ørsta-ordføraren sin del er det uaktuelt å ta Ørstafjordkryssinga ut av bompengepakken.

– Det er eit ufråvikeleg krav at Ørstafjordkryssinga skal vere med i bompengepakken, noko som vil føre trafikken frå E39 vekk frå Ørsta sentrum.

Møte: Ordførar og varaordførar i Ørsta, Stein Aam og Karen Høydal, var fredag i møte med ordførar i Volda, Jørgen Amdam, for å diskutere bompengepakken for dei to kommunane. Foto: Janne-Marit Myklebust Foto: Janne-Marit Myklebust