Den første gongen han besøkte skytebana var han berre «ein gut- unge», som han seier sjølv. Ein liten artikkel i Møre-Nytt fortalde at det var mogleg å få skyteknappen – og ammunisjonen var gratis. Reidar heiv seg på sykkelen heime i Follestaddalen, og møtte opp nokre seige kilometer seinare på skytebana. Han var eit naturtalent. Stolt kunne han sykle heim med skyteknappen. Og for å bruke ein klisjé – resten er historie.

– Eg veit ikkje kva det er som har gjort at skyting har vore sporten for meg. Det var full klaff frå første augneblink. Det var ikkje slik at interessa frå det kom frå familien min, heller tvert i mot. Men for meg har dette vore min største hobby i livet.

Så mykje av livet har han via til skytinga, at det for nokre dagar sidan plutseleg stod fire skikkelsar frå Hovdebygda og Ørsta Skyttarlag på døra hans i Engesetvegen, med ei viktig beskjed. Laurdag skal det vere fest, og Reidar har med å møte opp.

– No skal eg altså få Kongens fortenestemedalje. Eg vart heilt sjokkert. Det var ikkje i mine tankar i det heile at det var noko dei gjekk å ordna for meg i kulissane. Eg tenkjer at det er mange andre som nok fortener ein slik heider, men det er klart at det er kjekt å bli gjort stas på. For meg har innsatsen alle desse åra vore ei interessesak. Det har vore heilt naturleg for meg å bidra.

Tidleg i arbeid

Alt som 16 åring gjekk Reidar Øye ut i arbeid. Med sykkel som fast framkomstmiddel troppa han opp på Strømpeneset for å strikke strømper og tene seg nokre kroner til livets opphald. I tillegg kom arbeidet heime på garden. Dyr skulle sjåast til. Dei skulle på beite, og dei skulle hentast ned frå fjellet. Søskenflokken på fire bidrog der dei kunne. Så mykje val hadde dei heller ikkje. Gardsdrift var ei familiebedrift.

– Eg er svært takksam for oppveksten min. Eg hadde det godt fram på Øy. Eg er takksam for tida vi vaks opp i, og eg er takksam for alt vi lærte. Ingenting kjem gratis. Det må arbeid og nøysemd til. Det var godt å vere bondegut.

Denne haldninga har han teke med seg i sitt vaksne liv.

– Det er ikkje enkelt å sette ungdomar i arbeid når dei bur på ein gatestein. Det er ikkje all verda du kan sette dei til. Difor er det viktig med aktivitetar som held dei oppe og som gir dei meistring og sjølvkjensle.

Eit lysande døme

Og det er dette Hovdebygda og Ørsta Skyttarlag no vil takke Reidar for. I søknaden om Kongens fortenestemedalje, skriv dei mellom anna: «Reidar Øye har i over 50 år lagt ned eit stort frivillig arbeid for barn og ungdom i Ørsta kommune. Lett tilbaketrekt er han der og tek imot ungdomane, og i seinare år også pensjonistar på miniatyrbana på Ørsta kulturhus og jegerar på skytebana i Sollidalen. Reidar er den som oftast knyter dei fyrste viktige banda, mellom den søkjande unge og organisert lagsarbeid. (...) Mange vaksne kan takke Reidar for at dei fann ein aktivitet som gav meining og meistringsfølelse alt i ung alder. (...) Reidar er eit lysande døme på korleis drive samfunnsnyttig og sosialt arbeid heilt utan lønn. Han er eit fyrtårn som viser korleis det skal gjerast.»

Familie

Om arbeidet har vorte gjort gratis, har det likevel kosta mykje tid.

– Eg har ei fantastisk kone, er svaret Reidar har på korleis han har funne tid til alt arbeidet og alle stemna han har vore med på opp gjennom åra.

Reidar og Ester møtte kvarandre då Reidar gjekk heimevernsskule på Dombås. Ester frå Dovre og Reidar frå Ørsta fann raskt tonen. 14. desember feira dei 60 års bryllaupsdag. Tre barn, sju barnebarn og sju oldebarn seinare står dei framleis sterkt. Det er dei to. Også i kjærleiken trefte han blink.

– Eg har vore heldig!

Unge og lovande: Ester frå Dovre og Reidar frå Ørsta. Dei møttest i mai 1957 og gifta seg i desember same året.

Postbod

Yrkeskarrieren har vore variert. Frå Strømpeneset til Hånes Bilverkstad. Vidare eit år på Ørsta Bruk som røyrleggar, jobb hos Ørsta Mekaniske og Bjørdal Mekaniske, Mørebil, og til slutt: landpostbod. I 33 år jobba han i Postverket, heilt til han gjekk av med pensjon i 2000. Alltid på. Alltid pliktoppfyllande.

– Eg har vore velsigna med god helse. Dei første 16 åra i Postverket var eg ikkje vekke frå jobb ein einaste dag. Det er ikkje skryt, men teikn på ei god helse. Kanskje var eg ikkje alltid 110 prosent frisk, men frisk nok til å gå på arbeid.

Postmann: Reidar Øye jobba som postbod i 33 år. Her frå Melsbygda i september 1999, i samband med at det vart lagt fast dekke i Melsvegen.

Men alder er ikkje alltid den beste medisinen. Helsa har skranta litt. For nokre år sidan fekk han også kreft.

– Men eg vart god igjen. Nok ein gong var eg heldig. Det var eit køyr å ha den sjukdomen, men eg stod han av. Eg er i god form no, mykje betre enn det eg var for berre tre-fire år sidan.

Politikk

Framleis er han fast inventar på skytebana, og det spirer og gror i Hovdebygda og Ørsta Skyttarlag, med aktive medlemer og mange rekruttar. Det er ikkje sjølvsagt. På slutten av sekstitalet dovna lagsaktiviteten sakte og sikkert bort. Reidar var den som stod i første rekke då trådane vart samla og laget starta opp att. Han sat som leiar frå 1971–1977. I 2007 vart han æresmedlem i skyttarlaget, og i 2010 fekk han Søre Sunnmøre Skyttarsamlag si fortenestemedalje.

Politisk aktiv har han også vore, som leiar i Arbeidarpartiet i Ørsta i 1981, og han sat også i kommunestyret i ein periode frå 1984–1987.

– Eg er oppteken av å gjere nøye arbeid, og tok jobben som politikar på alvor. Men det var mykje arbeid. Eg har stor respekt for dei som held i trådane i dag. Det skjer mykje godt. Eg følgjer med. No skjer det mykje positivt i bygda. Ting eg meiner er rett og viktig, som legesenteret og fleirbrukshallen og ny Ørsta vidaregåande skule, omsorgsbustader for eldre og for unge. Det kostar sjølvsagt, men som svigermor mi alltid sa: Kjøper du ikkje noko, har du ikkje noko. Men det er klart. Eg er ikkje samd i alt som skjer. Det ville vore rart også, for då kan det fort bli litt einspora.

Lagspelar

No får han nok ein medalje i si rikhaldige samling frå eit langt liv med stemneaktivitet og konkurransar. Kongens fortenestemedalje er få unnt. Reidar har beina på jorda framleis. Har framleis mykje å gi. For skyttarlaget har han vore gull verdt alle desse åra.

Aktiv skyttar: Reidar Øye har vore aktiv skyttar nesten heile livet. Her frå eit landsskyttarstemne rundt 1980.

«Reidar har aldri framheva eigne prestasjonar, han er ein lagspelar framfor nokon. Han har vore eit solid bindeledd mellom ungdom og samfunnet gjennom lagsarbeidet. Reidar er framleis ein samfunnsbyggar i ein alder av 81 år. Vi er ikkje i tvil om at Reidar fortener den høgste heider som samfunnet kan gi han. Han har lagt ned ein innsats langt ut over det vanlege og vi er djupt imponert og takksame for at han har ofra så mykje tid og krefter for andre», skriv Hovdebygda og Ørsta Skyttarlag i søknaden.

Og heller ikkje Kongen var i tvil. Ærast den som ærast bør.

Unge og lovande: Ester frå Dovre og Reidar frå Ørsta. Dei møttest i mai 1957 og gifta seg i desember same året. Foto: privat Foto: privat
Postmann: Reidar Øye jobba som postbod i 33 år. Her frå Melsbygda i september 1999, i samband med at det vart lagt fast dekke i Melsvegen. Foto: Møre-Nytt
Reidar og Ester: 14. desember feira ekteparet 60 års bryllaupsdag. – Eg har vore ein heldig mann, seier Reidar Øye om kona Ester Øye. Foto: Janne-Marit Myklebust