Friskliv Ørsta arrangerer mat-kurs for elevar på ungdomstrinnet i Ørsta over tre ettermiddagar i januar og februar.

Kosthaldskurset «Bra Mat» er utvikla av ernæringsfysiologar i samarbeid med Helsedirektoratet. Kurs-rekka er legg opp til både praktisk matlaging og teori. Kurset egnar seg for alle som ønsker inspirasjon til bra mat i kvardagen, oppfriskning av kunnskap og eventuelt motivasjon til å gjere endringar.

Friskliv Ørsta har fokus på barn og unge, og førebyggande helsearbeid står i fokus. Dermed er det naturleg å lage eit opplegg som er tilpassa ungdom, og deira kostvanar. Kurset er lagt opp som eit inspirasjonskurs som skal passe for alle, der ein set fokus på digg mat som er bra for helsa. Det vil vere rom for å improvisere og utforske nye råvarer og smakar, med helsedirektoratet sine kosthaldsråd som utgangspunkt. I ein aktiv kvardag, med skule og jobb, trening, sosiale aktiviteter og andre ting som skal gjerast på heimebane - så er det ikkje alltid like enkelt å planlegge måltida. Det er fort gjort å ty til raske, og kanskje usunne, løysningar. «Bra mat for ungdom i farta», vil dermed legge vekt på mat som er god, næringsrik og enkel og lage.

Friskliv Ørsta har eit folkeleg syn på helse og kosthald. Vi brenn for å styrke dei gode matvanane og måltidsgleda, gjennom eit sunt forhold til mat og helse. Det vil vere fokus på å tydeleggjere samanhengen mellom sunn mat og helse, skuleprestasjon, føre

bygging av sjukdom og generelt energioverskot. Vårt mål er å skape positiv interesse for næringsrik, spanande mat, kreativitet og meistring i matlaging. Med eit sunt kosthald får ungdom betre helse og eit stabilt energinivå. Det blir dermed lettare å konsentrere seg, på fritid, i aktivitetar, så vel som på skulebenken. Med større bevisstheit knytt til kosthald og helse, vil ungdom på farten klare å ta gode matval som fremmar god helse, både no og i framtida.

Det er ein myte at sunn mat ikkje smakar like godt som usunn mat. Kvifor ikkje fokusere på sunn mat som smakar godt? Det er det daglege kosthaldet som er avgjerande for helsa, og det å vere kjernesunn heile tida er ikkje ei målsetjing.

Når vi får rom til å lage mat og prøve ulike smakar i ein uformell arena saman med venner, senkast terskelen for å prøve nye smakar, og etterkvart like fleire råvarer. Dette bidreg til at vi får eit variert kosthald, og eit breiare repertoar av mat som vi kan glede oss over.

Minner om at vi har ei fb- side: Friskliv Ørsta.

Skrive av:

Friskliv Ørsta