Møre-Nytt presenterer kvar veke eit av Ørsta sine 145 offisielle kulturminne. Denne veka er det Trico-bygget, som er bygd i klassisk funkisstil på 30-talet.

Industrien som vaks fram i Ørsta hadde særleg tilknyting til to bransjar: Møbel /trevare og konfeksjon/trikotasje, står det i kulturminneplanen. Kva er trikotasje?, spør kanskje den yngre generasjon. Svaret er «industrielt strikka kle», i følgje Wikipedia.

Ørsta Tricotagefabrik (Trico) var ei av dei sentrale bedriftene i denne bransjen i Ørsta. I 1937 stod ny fabrikk klar i Strandgata. «Fabrikkbygningen fekk ei utforming i tråd med funksjonalistiske ideal som kjenneteiknar industribygg i mellomkrigstida. Bygningen har både ein industrihistorisk, arkitektonisk og visuell verdi som gjer at den er vurdert til å ha regional verdi som kulturminne», står det i kulturminneplanen.

Fabrikken hadde på det meste 280 tilsette på 40-talet, og var dermed den største arbeidsplassen i kommunen. På 60 og 70-talet kom «teko-døden». Den råka også Trico.

Fasaden på delar av bygget er modernisert i nyare tid, med nye vindauge, men hovudbygget har framleis dei karakteristiske reine linene.

Digert: På det meste var det 280 tilsette her. Foto: svein aam