Dei fem har vore tilsett om lag like lenge som firmaet har eksistert. Fredag fekk Otto Arne Mundal, Jarle Sætre, Egil Berg, Dag Juliebø og Kjetil Lillerovde heider og ære, blomster og fortenestemedalje og pin i gull for innsatsen dei har lagt ned for K A Aurstad dei siste 30 åra. Dei har vore med om lag frå starten.

– Det var litt av ei prøving. Det starta med Ålesundstunnelane, og det kan vi seie var starten på alle dei jobbane vi seinare har fått gjennom. Mykje har endra seg sidan då. Det var kongen som skulle opne tunnelane, og ting var lagt opp etter timeplanen hans, så tunnelen måtte bli ferdig til han kom. Det var berre å stupe i arbeid!

Aurstad har i dag rekordmange tilsette. Sidan påske har dei tilsett 60 nye medarbeidarar, og i dag er dei ein arbeidsstokk på 208 personar. Dei har oppdrag frå Bergen i sør til Helgeland i nord.