Det vil seie at fleire stillingsheimlar forsvinn. Det skjer både i skulen og i pleie- og omsorg. Likevel, kutta i pleie og omsorg vert ikkje så drastiske som formannskapet rådde til.

I vedtaket i kommunestyret heiter det at pleie og omsorg skal få tilført tre millionar kroner meir enn det formannskapet rådde til. Dei som må betale for dette er teknisk sektor med ein million kroner mindre å rutte med, rådmannen og hennar stab med ein million kroner mindre og eigedomsseksjonen, som får ein million kroner mindre til sine oppgåver, som mellom anna er vedlikehald.

Det vart ein lite dramatisk budsjettdebatt, der det vart få endringar samanlikna med formannskapet si tilråding. Fleirtalskonstellasjonen (Sp, Ap og Frp) hadde snakka saman, og kom med eit felles framlegg.

Høgre heldt på sitt framlegg frå formannskapet, og fekk med seg Venstre og KrF. Men forslaget frå desse om ei litt meir stramme drift, men meir til kyrkjer, skule og barnehage, fall med desse partia sine røyster.

Investeringsprogrammet vart samrøystes vedteke. Det inneber ein stor sum til fleirbrukshallen, ein sluttsum til legesenteret, næringsutvikling og vegar.

I og med at formannskapet si tilråding vert lagt til grunn, vert det også ein million kroner til Finnesvegen på Bjørke, noko som i formannskapet vart karakterisert som ein flørt til Bjørke før avgjerda om kva kommune krinsen skal høyre til fell i januar.

Debatten i kommunestyret kom til å handle om drifta.

– I Ørsta kommune vert det verkeleg satsa. Mykje er sentralisert, og det gjer det enklare å drifte ting. Det har vorte tenkt fornuftig, og andre kommunar har merka seg at korleis ting vert lagt tett i Ørsta sentrum, sa Ola Perry Saure (Sp), og lova at eigedomsskatten ikkje skulle opp frå to promille. med unnatak av for verk og bruk.

Per Are Sørheim (H) var samd med Saure i at det skjer mykje bra i Ørsta.

– Vi får eit sterkt og framtidsretta senter for skule og idrett, og vi får Vallamarka, som er heilt avgjerande i møte med eit aukande tal eldre. Desse to satsingane vil prege Ørsta i tiår framover. Men vi har også ei kostnadsside som vil prege Ørsta i tiår framover. Ørsta Høgre har lenge åtvara mot kraftig utgiftsvekst. Vi aukar utgiftene før vi får ein venta lånevekst, åtvara Sørheim.

Då var frontane lagde mellom blokkene. Dei som skapte temperatur, var Marit Aklestad (SV) og Frida Gillberg (MdG).

Aklestad kom med forslag om at barnetrygda ikkje skulle med i berekningsgrunnlaget for sosial stønad, noko som kommunestyre tidlegare har vedteke, men som ikkje var med i det opphavlege budsjettforslaget.

Aklestad fekk dette punktet med i fleirtalskonstellasjonen sitt forslag, men det fekk Anne Ellingsen (V) til å reagere.

’– Venstre er for forslaget frå SV, men vi er i mot at det skal vere med ei fleirtalskonstellasjonen sitt framlegg. Då får ikkje vi synt at vi støttar dette framlegget, sa Ellingsen.

Frida Gillberg ville ha kommunestyret med seg på eit verbalt forslag, at alle nye bilar kommunen kjøper inn som tenestebilar, skal vere elbilar.

Det reagerte varaordførar Karen Høydal (Ap) i mot.

– I heimesjukepleia har dei ikkje tid til å vente på at ein bil skal ladde, sa ho.

Rådmannen på si side forklarte at kommunen no prioriterer å kjøpe elbilar.

– Fordi det er billegast.

Men forslaget til Gillberg vart røysta ned. Og då spørst det om rådmannen likevel prioriterer å kjøpe elbilar.

Rådmannen var elles oppøst over fleirtalsforslaget som tok ein million kroner frå hennar stab.

– Samstundes som de ber om fleire utgreiingar, sukka ho.

Kutt: Rådmann Wenche Solheim likte ikkje kuttet på ein million for hennar stab. Foto: Rune Sæbønes