Ørsta kommune og K.A. Aurstad underteikna fredag avtalen om sikringsvollen. Kontrakten er på 22 millionar kroner pluss moms. For denne summen får kommunen, og bebuarane på Vallabøen, eit 400 meter breitt byggverk.

– Det er store volum, men vi har god erfaring med rasførebyggjande arbeid, så dette skal gå greitt, seier Kjell Arne Aurstad, i K.A. Aurstad.

Begge partane synest det er stas at ein lokal entreprenør skal gjere jobben som sikrar Vallabøen både mot snøskred nedover Vikeelva, og snøskred frå Vallahornet.

– Dette er ein historisk dag. Kommunen har halde på med å greie ut dette sidan 1971, seier Stein Aam, ordførar i Ørsta.

Ras til kyrkja

For i 1971 kom den første systematiske vurderinga av skredfaren, og det kom fram at det i gamal tid har gått sørpeskred ned til Ørsta kyrkje.

Det skal byggjast skredvollar over bustadfeltet langs halve Vallabøen. Og Vikeelva skal gå i tunnel, eller kulvert som det heiter på fagspråket. På kjøpet kjem eit nettverk av nye vegar.

– Vi kan binde saman vegane og dermed få turstiar over busetnaden heile sentrum. Det vert eit gode for friluftslivet, seier Stein Aam.

Så var det rekninga då. NVE betaler 80 prosent. Dermed står det att 4,5 millionar kroner. Kommunen må ta litt av rekninga sidan Vikemarka skule får rassikring. Kommunen håper også på raspengar frå fylkeskommunen. Men det er ikkje til å kome utanom at også dei som bur i området må betale.

–Det er slått fast som eit prinsipp i kommunen at grunneigarar må vere med på å betale for rassikring. Det er ein dugnad som kjem huseigarane til gode ved at salsverdien stig når det er rassikring, seier rådmann Wenche Solheim.

I alt ligg det rundt 60 einebustader i det aktuelle området, pluss ein del leilegheiter.

Første fase i arbeidet er å hogge skog. Dette tek til med det første. Sikringsvollen skal stå ferdig om eitt år.