I dag går det 46 barn i Dalane barnehage. Dette er meir enn det barnehagen er godkjent for, og det har blitt arbeidd med å få til ei utviding av barnehagen dei seinare år. I november i fjor vart det løyvd 1,5 millionar kroner til forprosjekt og fem millionar kroner til tilbygg. I september i år gjekk eit samrøystes kommunestyre inn for å auke ramma med to millionar kroner. Bygginga av det nye tilbygget er no godt i gang, og for nokre veker sidan byrja bygget å vise att.

– Vi har ei stram framdrift på prosjektet, og den nye avdelinga skal vere i drift til neste barnehageår, seier prosjektleiar Øystein Mårstøl i Ørsta kommune.

Den nye avdelinga har atten storbarnplassar med tilhøyrande personal. Seksjonsleiar barnehage, Reidun Mo, har tidlegare informert om at tilbygget ikkje vil gje ein auke i kapasitet. Arealet til den nye avdelinga er på vel 220 kvadratmeter. Tømrer Service AS er entreprenør på prosjektet.

– Entreprisen for prosjektet er på 6,5 millionar kroner og prosjektkostnadane er totalt 8,5 millionar kroner. Så jobbar vi for å halde oss godt innanfor det, seier Mårstøl.

Dalane barnehage held ope i byggjeperioden.

– Barnehagen har fullt belegg og vi prøvar å leggje til rette byggjearbeidet slik at dei skal ha god drift. Det er eit godt samarbeid mellom driftinga av barnehagen og det bygningsmessige. Eg må og skryte av personalet i barnehagen som tek utfordringane på strak arm, løyser dei og tilpassar seg. Vi veit at det er ein dårleg situasjon for ungane no når bygginga går føre seg, men vi må sikre området godt. Vi er veldig fokusert på tryggleiken i dette prosjektet sidan vi byggjer i eit område med små ungar.