Det var tysdag fylkestinget vedtok ein økonomiplan som seier at det skal kome ein ny vidaregåande skule i Ørsta, knytt til Ørsta kulturhus.

I 2018 skal det løyvast elleve millionar kroner til innløysing av grunn og prosjektering, og i dei tre neste åra skal det løyvast til saman 289 millionar kroner til sjølve nybygget. I 2021 skal den nye skulen stå ferdig.

I timane før og etter vedtaket var det stor spenning, både hos dei tilsette ved Ørsta vidaregåande skule og hos Ørsta kommune.

Vedtaket var nemleg tvitydig.

På den eine sida sa fylkestinget utan atterhald ja til å løyve 11 millionar kroner til prosjektering og innløysing av grunn i 2018. Vidare sa fylkestinget ja til det vidare investeringsprogrammet frå 2019 til og med 2021.

Men samstundes sa fylkestinget at investeringsprogrammet for åra 2020 til 2021 skal gjennom ein ny runde, og opp til ny handsaming i løpet av fyrste halvår 2018.

–Ingenting kan stoppe dette

Det medførte hektisk telefonaktivitet frå ordførar Stein Aam si side. Han fekk etter kvart kontakt med partikollega Jan Ove Tryggestad (Sp) som sit i fylkestinget.

– Det er ingenting som kan stoppe bygginga av ny Ørsta vidaregåande skule no, sa Tryggestad over telefonen til Aam.

Det same seier fylkestingsrepresentant Arild Iversen til Møre-Nytt.

– Eg kan ikkje skjøne det er noko som kan stoppe Ørsta vidaregåande skule. Det er jo den dårlegaste skulebygningen i fylket, og alle er innstilte på at det skal kome eit nytt skulebygg, seier Iversen.

Dei tilsette hos Ørsta vgs. hadde på si side fått melding om at heile investeringsprogrammet var lagt på is, og optimisme var snudd til pessimisme. Der vart sjølvsagt gleda stor då meldingane frå Molde byrja å kome inn.

Bakgrunnen for at det vart sådd tvil, var ei melding frå fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik til fylkestinget måndag. Der forklarte han at ferjeinvesteringane og ferjedrifta på fylkesvegnettet i Møre og Romsdal vil auke drastisk som følgje av dei nye miljøferjene. Og det er inndekkinga av desse som skaper problem for fylkeskommunen sin økonomi.

Ordførar Stein Aam var i Molde måndag, og hadde møte med fleire partigrupper.

– Då eg reiste heim måndag kveld, var eg ganske trygg på at vedtaket ville kome, seier Aam.

Han var med og feira budsjettvedtaket hos dei tilsette på Ørsta vgs. torsdag.

Der vart han takka av avdelingsleiar Eldar Lund.

– Ordføraren har gjort ein stor innsats, og det har vore eit godt samarbeid mellom kommunen og fylkeskommunen som har ført til dette vedtaket, sa Lund.

Ordførar Aam er også glad for samarbeidet med fylkeskommunen.

– Det som snudde denne saka var flyttinga av fleirbrukshallen frå Mosflata til Utstillingsplassen. Det var som å knipse i fingrane overfor fylkeskommunen. Dei hadde brukt ressursar på arkitektkonkurransen for Ørsta sentrum, og såg med eitt at det var vilje i Ørsta til å følgje denne planen. No får vi eit fantastisk område med fleirbrukshallen, den nye vidaregåande skulen og sambruket med Ørsta kulturhus, seier Aam.

Ørsta vidaregåande skule er ein stor arbeidsplass i Ørsta med sine 85 tilsette. Skulen har i år 320 elevar.

Spenning: Avdelingsleiar Eldar Lund og ordførar Stein Aam venta i spenning på å få stadfesta budsjettvedtaket i fylkestinget. Foto: Rune Sæbønes
Jubelkake: Sjølvsagt måtte vedtaket om ny skule markerast med kake. Foto: Rune Sæbønes
Fire år: Om fire år vert noverande Ørsta vidaregåande skule jamna med jorda. For då skal ein ny stå klar. Foto: Rune Sæbønes