Det bryggjer om til strid mellom Ørsta og Volda om bompengepakken som skal finansiere Voldatunnelen. Eit sentralt spørsmål er kvar bommane skal stå. I eit forutkast er bommane plasserte i Volda, mellom anna mellom Volda sentrum og Ekset/Mork. Men no vurderer Volda å krevje ei løysing som fører til at at ørstingane bidreg meir. Bakgrunnen er Ørsta ønskjer at ei framtidig utbygging av Ørstafjordkryssing skal koplast til bompengepakken.

–Vi kjem til å leggje fram tre alternativ for det vidare arbeidet. Anten vert det bom i Hovdebakken i Ørsta og bom i Volda, og vi fortset arbeidet med ein felles bompengepakke, eller så held Volda fram åleine, seier ordførar Jørgen Amdam i Volda til Møre.

Skeptiske Volda-politikarar

Dette kom fram i ei orentering til formannskapet tysdag. Ørsta og Volda skal med det første ha samtalar om den felles samferdslepakken, som også inkluderer fleire tiltak langs E39 mellom Ørsta og Volda.

– Her har Ørsta og Volda vore samde om eit felles løp, men eg registrerer at poltikarane i Volda ikkje vil vere med på det. Det er overraskande, seier ordførar i Ørsta, Stein Aam (Sp).

Står på Ørstafjordkryssinga

Han gjer det klart at det frå Ørsta si side ikkje er aktuelt å kople Ørstafjordkryssinga frå bompeengepakken. Dette sambandet fører E39 utanom Ørsta sentrum.

– Kan det då kome på tale å godta ein bom i Hovdebygda?

– Ein bom i Hovdebakken sit langt inne, men eg skal ikkje avvise det heilt, seier ordføraren i Ørsta, Stein Aam.

Han får støtte frå varaordførar Karen Høydal (Ap).

– Ein bom i Hovdebygda betyr at ørstingane må betale bompengar for å kome seg til Stryn, medan voldingane ikkje må gjere det. Det er ikkje bra for handelsnæringa, seier Høydal.

Saka kjem på dagsorden når leiinga i dei to kommunane skal møtast fredag.

– Det vil vere eit stort tilbakesteg om vi ikkje vert samde. Sjå berre på Ålesund der poltikarane diskuterte bompengar i fleire tiår, før noko skjedde, seier ordførar Stein Aam.