– Vi har ei veksande gruppe innan rus og psykiatri i Ørsta som fell mellom to stolar, seier Bjørdal.

Alarmerande

Ørsta er ikkje åleine. Ei ekspertgruppe nedsett av Helsetilsynet publiserte ein alarmerande rapport i januar 2017. Her står det at levekåra til denne gruppa er svært dårleg. Dei får ikkje den hjelpa dei treng, på grunn av manglande samarbeid mellom det psykiske helsevernet og rusomsorga.

Dermed vert det mangel på tilpassa bustader, og på tenester som er tilpassa gruppa. Laurits Bjørdal seier han kjenner att desse problema i Ørsta.

– Dette er ei gruppe menneske med svært lav livskvalitet og som kommunane har store utfordringar med. Rapporten tilrår at kommunane bygger eit nettverk som gir denne gruppa betre helse. Eg møter dagleg folk som ikkje er i stand til å ta vare på seg sjølve i Ørsta, men som ikkje får hjelp. Vi må hugse at det er menneske dette også, seier Bjørdal.

I oktober spurde lokalpolitikar Synnøve Rekkedal Hill kommunen kva som vert gjort for folk i Ørsta med rusproblem. Dette utløyste eit innlegg frå den kommunale rustenesta. LPP- Søre Sunnmøre er ikkje nøgd med dette svaret.

– Det er viktig at kommunen erkjenner at det er eit problem knytt til hjelpetilbodet for folk som slit med rus og psykiatri, og deretter må ein gjere noko med det, seier Laurits Bjørdal.

Ros til dagsenteret

Han har skrive eit brev til kommunen for å få problemet på dagsorden. «Korleis arbeidet skal gjennomførast på kommunalt nivå finst det ikkje gode svar på, men det må handlast lokalt og i samarbeid med hjelpeapparatet, legar, psykiatriske sjukepleiarar og butenesta i kommunen. Mat, måltid og aktivitet er grunnleggande for gruppa og dette kan støtte opp om dei medisinane som legane skriv ut», skriv Bjørdal.

Han meiner dagsenteret på Viketunet kan spele ei viktig rolle.

– Dette glimrande tilbodet er eit godt utgangspunkt. I større byar er det etablert suppekjøkken, aktivitetshus og helsestudio for å hjelpe denne gruppa, gjerne i samband med frivillige organisasjonar. Men i mangel på slike tiltak her i Ørsta, må kommunen sjølv etablere dette, seier Bjørdal.

Han vil ha rusomsorga i kommunen sterkare på banen.

–Vi ber om at politikarane i Ørsta stiller spørsmål til fagetaten i kommunen om denne gruppa, slik at belastninga på eventuelt pårørande vert mindre. I mange tilfelle manglar gruppa pårørande og dei har dermed inga pressgruppe som talar deira sak, seier han.