Når tilrådinga er på eit mindre beløp enn det Vartdal TIL har søkt om, er det fordi næringslivet på Vartdal i etterkant av søknaden har kome inn, og garanterer for fire millionar kroner av lånebehovet til Vartdal TIL.

Rådmannen er ikkje i tvil om tilrådinga, og legg likebehandling til grunn. Det vert vist til at kommunen har gjeve garantiar og tilskot i samband med realiseringa av ymse idrettsanlegg både til Sæbø IL, Hovdebygda IL og Åmdal IL oppgjennom tidene.

Den kommunale garantien som kommunestyret skal ta stilling til, er tilrådd delt i to.

Den eine garantien, på 5,1 millionar kroner, skal gjelde for fire år. Dette er ein garanti på lånet til mellomfinansieringa før spelemidlar og momskompensasjon vert utbetalt.

Vidare er det tilråding om ein simpel garanti for eit lån på to millionar kroner som Vartdal TIL skal ta opp. Avdragstida skal vere maksimalt tjue år.

I tillegg til garantien, rår rådmannen til at Ørsta kommune gjev eit tilskot på inntil 75 % av kostnadene med å få hand om grunnen og sjølve grunnkjøpet til det nye idrettsanlegget på Vartdal. Tilskotet vert på 2.234.200 kroner. Restbeløpet på 778.066 skal dekkjast av Vartdal Turn og idrettslag.

I saksutgreiinga presiserer rådmannen at det er viktig at Vartdal TIL arbeider grundig med finansieringa.

– Etter dei opplysningar som går fram av søknaden, vert det arbeidd aktivt for å få inn sponsormidlar og støtte. Kommunen ser det som viktig at dette arbeidet vert gjort og at det ikkje vert ei ekstra sikring at ein har kommunale midlar i bakhand, kommenterer rådmannen.

Rådmannen er altså samd i at det av omsyn til likebehandling er rett at Vartdal TIL også får eit tilskot. Likevel vert det påpeikt at saka er spesiell.

– Dette er ei sak som det har vore arbeidd med i nærare 40 år. I dei fleste andre tilfelle er det enten kommunalt areal eller areal som kommunen har kjøpt og så festa vekk vederlagsfritt som er nytta til idrettsanlegg. Her er det meininga å kjøpe arealet slik at Vartdal TIL vert framtidige eigarar, kommenterer rådmannen.

Vartdal TIL har også bedt om at kommunen er med og dekkjer reguleringskostnadene. Dette vert avvist, og grunngjevinga er omsyn til likebehandling med andre som lagar private reguleringsplanar.