– Avgjerda er teken i samråd med gruppeleiarane til dei politiske partia i kommunestyret. Eit stort fleirtal er samde i utsetjinga, seier Aam.

Grunngjevinga er at saklista til kommunestyremøtet med m.a. budsjetthandsaming, allereie er svært lang. Det er 21 saker på saklista.

– Handsaminga av Osgeil-saka vil krevje ei synfaring, og det vil vi ikkje få tid til, seier Aam.

Han lovar at saka vert handsama på det fyrste kommunestyremøtet i 2018, i byrjinga av januar.

– Og dei som hadde planlagt å ta seg fri frå arbeid for å følgje saka, skal no sleppe det, seier Aam.