Etter ein haust med jakt på den rette kandidaten, falt adiminstrasjonen sitt val på Pault Ottar Tornes.

– Dette gler eg meg veldig til. Eg er så heldig at eg kjenner ein del frå Hornindal gjennom den jobben eg har no, og så kjenner eg litt til Volda. Vi har mykje godt arbeid framom oss. Eg har trua på eit godt samarbeid, seier Tornes i ei pressemelding frå Volda kommune.

Han har no også takka ja til stillinga. Paul Ottar er i dag tilsett som Strategisk leiar IKT for Nordfjordkommunene, og vil starte i ny jobb 1. mars 2018.