Vinnartrioen på biletet frå Ørsta ungdomsskule, laga ein kort film med både eigne klipp og lånt videomaterial ifrå Uganda. I filmen peikar dei unge filmskaparane på kor privilegerte vi er her i landet samanlikna med mange andre. «Vi har alt vi treng, men likevel er alt i utvikling», seier dei i filmen.

Manglar det meste Trass i regntid, er det prekær mangel på reint vatn for dei sør-sudanske flyktningane i Uganda. Foto: Fabio Basone/MSF

Medvitent val av krise

Vinnargruppa valte å løfte fram krisa der sørsudanske flyktningar lev under umenneskelege tilhøve i Uganda.

– Det er viktig å få folk til å innsjå at situasjonen faktisk er veldig gale, seier Maren Meek.

–Var det noko som overraska dykk undervegs i arbeidet?

–At 85 prosent av dei som flyktar er kvinner og barn, det overraska meg, seier Ivar Hansen.

– Folk som blir drive på flukt, dårleg tilgang til vatn, det er jo typiske problem i desse dagar, seier Trym Follestad.

Hansen fortel at dei også kunne ha fokusert på  utrygg abort, eller ebola-epidemien.

–Men dei krisene har i det minste fått ein del merksemd tidlegare, det har ikkje flyktningkrisa i Uganda, utdjupar Maren Meek.

– Kva trur de flyktningane sjølv ville ha sagt om filmen?

– Hm... kanskje dei drøymer om å ha det sånn som oss?

Representerer heile fylket

Elevane får karakter av læraren på filmen, men har ikkje fått vite han enda. Skulen henta inn løyve frå foreldra og sende inn filmen til Legar utan grenser, utan at elevane visste noko. Meek, Follestad og Hansen vart derfor positivt overraska. Dei veit enno ikkje heilt sikkert kvifor akkurat dei vann.

Konkurransen er ein del av Legar utan grenser sin årlege kampanje «Glemte kriser». Der freistar dei å få meir merksemd kring store humanitære kriser som fort blir gløymt, nedprioritert eller aldri fokusert på i det heile tatt i media.

Det var berre Ørsta ungdomsskule som deltok frå fylket, og det med eit fulltalig tiandetrinn.  Det er til saman 15 grupper, alle frå ulike fylker, som konkurrerer om å vinne.