Høgskulen er uroleg for at tilkomsten til Studentsamskipnaden på andre sida av Elvegata ikkje er betre ivaretatt. Her er mykje og til dels tung trafikk. Fartsgrensa er 50 kilometer i timen. Dette er ei problemstilling som både høgskulen og samskipnaden har tatt opp med kommunen og vegvesenet i fleire år.

Det er ikkje lagt inn gangfelt over vegen i dei nye kartskissene, noko både høgskulen og samskipnaden sett spørsmålsteikn ved. Og ein planlagt gangveg stoppar før han når heilt fram.

Positive til stjernebru

Ei stjernebru i sjukehuskrysset på Rotset skal vere ei bru for gåande og syklande. Ho gjer det mogleg å krysse E39 i alle retningar utan å kome i kontakt med europavegen.

Stjernebru Slik er stjernebrua planlagt i vegvesenet sine kartskisser Foto: Statens vegvesen, illustrasjonsbilete

«Høgskulen er positive til at dei mjuke trafikantane er godt ivaretatt ved at ein har valt å senke køyrebanen og lage ei stjernebru i plan for gåande og syklistar».

Det skriv høgskulen i sitt svarbrev til Statens vegvesen Region midt.

Bilvegen skal altså leggast under den stjerneforma gangbrua. Men den planlagde gangvegen når ikkje fram til samskipnaden. Dessutan vil det å nytte brua i staden for å krysse vegen, innebere ein merkbar omveg.

«Mest truleg vil mange ta kortaste vegen mellom campus og busstoppet på sørsida av Elvegata, i staden for å gå opp til «stjernebrua» for å kome over vegen. «Dette kan gje mange farlege situasjonar. Eit fotgjengarfelt over Elvegata vil betre både tilkomsten til busstoppet og Studentsamskipnaden», skriv høgskulen.

Samskipnaden Mange ulike menneske slit med å krysse denne vegen, blant dei personar med nedsett rørsleevne. Foto: Tarjei Engeset Ofstad

Ekstra farleg for dei med nedsett rørsleevne

«Særleg risikofylt er det for rørslehemma studentar å måtte krysse Elvegata for å kome frå campus til Studentsamskipnaden» står det i innspelet. Samskipnaden er samstemt med høgskulen: «Det er vanskeleg for alle mjuke trafikantar å krysse Elvegata, men særleg risikofylt for rørslehemma studentar» skriv samskipnaden til vegvesenet.

– Gangfelt kan gi falsk tryggleik

Planprosjektleiar Astrid Stavseng i Statens vegvesen jobbar tett på prosjektet. Vegvesenet har lese merknadene frå høgskulen og samskipnaden. Det kjem sannsynlegvis ei justering i kartskissene.

– Det blir truleg forlenging av gangvegen heilt ned til samskipnadens innkøyrsel, ikkje berre til den planlagde busslomma, seier Stavseng.

Reguleringsplanen legg opp til at folk skal bruke stjernebrua for å kome seg til andre sida av vegen. Stavseng forklarar at legge fotgjengarkryssing på ein lite eigna stad, kan gi falsk sikkerheit for gåande og syklande.

– Gangfelt er først og fremst eit tiltak for framkomst for mjuke trafikantar, ikkje eit trafikksikkerheitstiltak. Dei fleste ulukkene skjer ved kryssing av veg.

Trafikkberekningane tilseier at trafikken ikkje vil gå vesentleg ned i Elvegata etter at Voldatunnelen er på plass.

– Det er ikkje gunstig med slike tiltak på høgt trafikkerte vegar. Per i dag er dette ein europaveg, påpeikar Stavseng.

Ei avgjerd om å etablere gangfelt blir gjort utanom reguleringsplanprosessen etter eigne vedtak med heimel i lovverket.