Kommunestyrerepresentantane Erlend Walseth (Ap) og Marit Aklestad (SV) åtvarar sterkt mot barnehagekutt på Sæbø. I budsjettframlegget er det forslag om å leggje ned den nye avdelinga i bankbygningen på Sæbø, ei avdeling som vart opna denne hausten med seks plassar.

Dei viser til framlegget om å leggje ned barnehageavdelinga. Avdelinga vart oppretta mellombels, og Walseth og Aklestad påpeikar at intensjonen var at ekstraplassane dette gav skulle vare over fleire år.

– Nokre folkevalde var urolege for om behovet verkeleg var der, eller om plassar ville bli ståande tomme, men allereie to veker etter oppstart, var avdelinga fullsett av seks eitt- og toåringar, registrerer Aklestad og Walseth.

Dei fryktar no konsekvensane av barnehagekuttet.

– Om ikkje ekstraavdelinga får bestå, betyr det at ingen nye barn vil få plass ved neste års opptak, og i tillegg må eitt barn forlate barnehagen. Kven skal ut? Ikkje veit vi, seier Walseth og Aklestad.

Ein annan konsekvens er at næringslivet i fjorden vil få vanskar med å rekruttere arbeidskraft.

– Urkefolket har gjort ein kjempejobb for Ørsta kommune når det gjeld utvikling av turisme i Hjørundfjorden – gratis. Men to gonger har Urkebygda mist ein småbarnsfamilie av di Ørsta kommune ikkje klarer å utføre basistenestene sine, nemleg barnehageplassar til dei små.

– Turismen treng fastbuande for å ramme inne opplevingane av den urøyvde naturen. Og endå viktigare, Hjørundfjorden treng levande grender, seier Walseth og Aklestad.

– Vi er båe utflytta hjørundfjordingar som etter endt utdanning i større byar har valt å ta med oss familiane våre og flytta heim til bygda. Det er eit utradisjonelt val, men som bygdene er avhengige av for å kunne vekse. Bygdene kan tilby noko anna enn storbyane, og bygdelivet er tiltrekkjande for ein del unge. Ein skulle tru at Ørsta var på hogget for å leggje til rette for nettopp slike utradisjonelle val. I staden er Ørsta kommune i ferd med å setje ein solid stoppar for vidare tilflytting til Hjørundfjorden. For kven flyttar vel til bygda utan barnehageplass? Spør Walseth og Aklestad.