– Vi har forståing for at Ørsta kommune ønskjer å skaffe seg inntekter, men bed kommunen revurdere forslaget om anløpsavgift for å sikre framleis drift ved Ørstaterminalen

Det skriv Vik Ørsta i eit brev til Ørsta kommune.

– Isolert sett er ikkje forslaget til anløpsavgift store beløp. Det som er problemet er at drift av hamneterminal er ei svært marginal forretning på grunn av eit veldig lite trafikkgrunnlag, skriv dei.

Vik Ørsta AS har i dag leigeavtale med Ørsta kommune for Ørstaterminalen. Avtalen gjeld lån av kai, lagerbygg og tomteareal. Vik Ørsta driftar terminalen for transport på båt både for eigen vareflyt og for andre bedrifter.

– Vik Ørsta AS si drift av Ørstaterminalen er ei underskotsforretning, og det er heile tida ei løpande vurdering av om det å halde fram med drifta er økonomisk haldbart eller ikkje. Det er i dag ikkje rutegåande båtar som kjem til Ørstaterminalen fast på grunn av at reiarlaga ikkje finn dette økonomisk forsvarleg. Vik Ørsta AS jobbar med å få reetablert rutegåande trafikk både ut ifrå økonomiske kriterium og det miljømessige aspektet med å ta godt frå bil til båt. Reknestykket på dette er så marginalt at ei innføring av anløpsavgift vil kunne vere til hinder for dette.

Vik Ørsta skriv at dei ser det som viktig at det ikkje vert innført anløpsavgift for å kunne halde oppe og etter kvart kunne auke mengda av gods som går på båt i staden for veg.