Tine Meierier gjorde i juni vedtak om framtidig struktur for meieria i Noreg. Ørsta stod i fare for å verte lagt ned, men i staden vart det bestemt å samle all kremostproduksjon i Ørsta. Dette går på bekostning av brunost-produksjonen, som no er flytta til andre meieri.

– Vi har ikkje hatt brunost eller gommeproduksjon sidan oktober, stadfestar meierisjef Bente Reklev.

I staden for Ørsta, vart det vedteke å legge ned meieriet i Hardanger. Ørsta-meieriet skal ta over produksjonen deira av kremost. Dette skjer frå 2019.

Tine skal spare 69 millionar kroner i året på omlegging og optimalisering av produksjonen ved meieria sine.