Det vert ny Ørsta vidaregåande skule. Fylkestinget har sagt ja til å føre opp nybygg i Ørsta i løpet av fire år.

Meldinga vart motteken med jubel både hos Ørsta vidaregåande skule og hos Ørsta kommune tysdag.

Tvidtydig vedtak

Det tok likevel litt tid før folk våga å sleppe jubelen laus, for kva var det eigentleg fylkestinget vedtok tysdag? Vedtaket var nemleg tvitydig.

På den eine sida fylkestinget utan atterhald ja til å løyve 11 millionar kroner til prosjektering og innløysing av grunn i 2018. Vidare sa fylkestinget ja til det vidare investeringsprogrammet frå 2019 til og med 2021, slik at Ørsta vidaregåande skule skal få nybygg knytt til kulturhuset på til saman 300 millionar kroner.

Men samstundes sa fylkestinget at investeringsprogrammet for åra 2020 til 2021 skal gjennom ein ny runde, og opp til ny handsaming i løpet av fyrste halvår 2018.

Hektisk telefonaktivitet

Det medførte hektisk telefonaktivitet frå ordførar Stein Aam si side. Han fekk etter kvart kontakt med partikollega Jan Ove Tryggestad (Sp) som sit i fylkestinget.

– Det er ingenting som kan stoppe bygginga av ny Ørsta vidaregåande skule no, sa Tryggestad over telefonen til Aam.

Samstundes kontakta Møre-Nytt Arild Iversen (KrF) i fylkestinget.

– Eg kan ikkje skjøne det er noko som kan stoppe Ørsta vidaregåande skule. Det er jo den dårlegaste skulebygningen i fylket, og alle er innstilte på at det skal kome eit nytt skulebygg, seier Iversen til Møre-Nytt.

Stor glede

Og medan situasjonen vart avklart, var det stor uro hos dei tilsette på Ørsta vidaregåande skule. Dei hadde fått melding om at heile investeringsprogrammet var lagt på is, og optimisme var snudd til pessimisme. Der vart sjølvsagt gleda stor då meldingane frå Molde byrja å kome inn.

Bakgrunnen for at det vart sådd tvil, var ei melding frå fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik til fylkestinget måndag. Der forklarte han at ferjeinvesteringane og ferjedrifta på fylkesvegnettet i Møre og Romsdal vil auke drastisk som følgje av dei nye miljøferjene. Og det er inndekkinga av desse som skaper problem for fylkeskommunen sin økonomi.

- Berre å heise flagget

Men frå det politiske miljøet på fylkestinget har folk både hos Ørsta vidaregåande skule og Ørsta kommune fått beskjed om berre å ta det heilt med ro. Flagget kan heisast, og marsipankaka kan tingast.

Ordførar Stein Aam får avklart vedtaket over telefonen. Foto: Rune Sæbønes
Ørsta vidaregåande skule skal få nybygg. Foto: Rune Sæbønes