– Vi er veldig imponerte over kva elevane har fått til og kor aktiv Ørsta ungdomsskule har vore.

Det uttalar juryformann Trygve Thorson i ei pressemelding frå Legar uten grenser.

Elevane Maren Meek, Ivar Vassli Hansen og Trym Follestad i 10. klasse ved Ørsta ungdomsskule er årets fylkesvinnarar i Møre og Romsdal.

Meek, Hansen og Follestad valte krisen som omhandlar dei over ein million sør-sudanske flyktningane i Uganda.

– Vinnargruppa har laga ein kreativ film som er engasjerande og som formidlar situasjonen for dei sørsudanske flyktningane på ein klar og god måte, uttalar Trygve Thorson i pressemeldinga.

Elevane er no med vidare i ein nasjonal konkurranse, der vinnaren blir annonsert i løpet av nokre dagar.

Konkurransen er ein del av Legar uten grenser sin årlege kampanje «Glemte kriser». Der freistar dei å få meir merksemd kring store humanitære kriser som fort blir gløymt, nedprioritert eller aldri fokusert på i det heile tatt i media.