Det seier leiar i levekårsutvalet i Ørsta, Odd Magne Vinjevoll (Frp). Han reagerer på at administrasjonen og formannskapet etter hans syn har spelt levekårsutvalet ut over sidelina, med å gå inn for ei utgreiing om kva som skal skje med Sæbø skule.

– Vi treng ikkje nye utgreiingar. Det vi treng er å få reparert manglane, altså lukke påpeikte avvik i tilsyn.

Saka om kva som skal skje med Sæbø skule stod på sakskartet til levekårsutvalet sist veke. Med saka følgde ei tilråding frå formannskapet om å bruke inntil 500.000 kroner på utgreiingar, forprosjekt og gjennomføring av tiltak for Sæbø skule, samstundes som formannskapet seier at dei tek på alvor dei siste rapportane om skredfaren som har kome.

Etter forslag frå Vinjevoll, vart saka avvist frå levekårsutvalet si side.

– Grunngjevinga er todelt. Vi hadde tinga ei ny sak der vi fekk forklart korleis vi skal gå fram for å lukke avvika ved skulen. Det er det som er prekært. I staden fekk vi den same saka tilbake, saman med tilrådinga frå formannskapet. Då var vi spelt utover sidelina. Men saka skal opp i kommunestyret torsdag, og då håper eg at vi får eit vedtak om handling, ikkje eit vedtak om utgreiing. Vi må få ei løysing tilsvarande den vi har for Hovden skule. Altså at vi veit at eit nybygg ligg mange år fram, og då må vi setje inn tiltak for å reparere det som er prekært. For Sæbø skule handlar det om å leggje eit nytt tak, og dessutan få inn eit nytt ventilasjonsanlegg, seier Vinjevoll.

Skredfare

I formannskapet vart det mykje snakk om skredfaren då saka var oppe der. I ein rapport går det fram at skredfaren ved skulen er stor. Det gjer det t.d. uråd å kome med eit lettbygg som ei løysing.

– Men dette veit vi. Vi veit også at det er i periodar med ekstreme snømengder det er snakk om stor skredfare. Då er borna heime, eller dei er på skulen. Noverande bygning frå 1957 er trygg. Problemet er at han er lite påkosta. Difor meiner eg at vi kan bruke pengar på å reparerer skadane no, og heller vente med eit nybygg, slik den økonomiske stoda til kommunen er, seier Vinjevoll.

Han håper kommunestyret vert med på eit vedtak som inneber at eit omfattande vedlikehald vert prioritert.

– No må vi bruke sunn fornuft. seier Vinjevoll.

handling: Leiar Odd Magne Vinjevoll i levekårsutvalet krev vedlikehald, og ikkje utgreiingar, for Sæbø skule. Foto: Janne-Marit Myklebust