– Vi har sprengt kapasitet. Black Friday kom med mange gode tilbod, og folk har handla mykje på nett. Det ser vi i hyllene våre, og no startar julerushet, så vi oppmodar folk om å vere raske med å hente pakkane sine, seier dagleg leiar for Eurospar, Aud Kirsti Osborg, og postsjef Gunn Haugen.

Store leveransar

Fredag fekk dei inn heile 10-11 pallar med pakkar.

– Det er flott om folk vil hjelpe oss med å få meir plass, seier dei.

I desember har dei hatt ein jamn straum av kundar som skal sende julepakkar til andre stader i landet, og til utlandet.

– Det store rushet har ikkje sett inn enno, så vi har klart å handtere køa godt, men det store køyret ventar vi vil kome til helga når fristen for å sende pakkar til jul nærmar seg.

16. desember

Siste frist for å sende julebrev- og pakkar er 16. desember. Då skal kunden vere sikra at sendinga når fram til julekvelden. Når det gjeld pakkar må folk vente at det vil ta opp til to dagar ekstra reisetid. Når det gjeld brev gjeld vanleg sendeitd, men Posten oppmodar likevel om å vere ute i god tid. Ved mykje post kan det fort skje at der skjer forseinkingar.

Er folk ute i siste liten, er det mogleg å sende med ekspress til 21. desember.

– Men det beste er at folk er ute i god tid. Då får vi ein lettare jobb, og då er også folk sikre på at ting rekk fram til jul.

Fristen for å sende pakkar til andre land enn Noreg varierer. For Norden gjeld 15. desember, mens for øvrige Europa og Nord-Amerika var det 8. desember som var fristen.

Merete Øye er innom posten måndag for å hente ein pakke.

– Eg har sendt det eg skal sende, forsikrar ho.

– Det er greitt å vere ute i god tid!

Søndagsope

Det har vore Post i butikk i åtte år i Ørsta no. Opp til tre gonger om dagen får dei nye leveransar av pallar med brev og pakkar.

– Det kan vere ei god påminning for folk at når vi no har søndagsope før jul i butikken, så er også Posten open. Då er det også gode sjansar for at køa er kortare enn på vanlege kvardagar, så skal du hente eller sende, så står vi klar også på søndag, seier Osborg og Haugen

Tidleg Ute: Marit Skare Rekkedal har funne fram ein pakke som venta på Merete Flø. Ho har vore tidleg ute med sine gåver, og det som skulle sendast er sendt, forsikrar ho om. Foto: Janne-Marit Myklebust