Det seier Astrid Bjørdal (Ap) som saman med Aleksander Riise Olsen (Ap), Pauline Vinjevoll (Frp) og Frida Gillberg (MdG) klagar vedtaket som vart gjort i Osgeil-saka inn for kommunestyret.

Dei nytta seg av retten til å klage på eit vedtak før sjølve møtet er avslutta. For å klage på eit vedtak i eit utval inn for kommunestyret må det vere minimum tre representantar som skriv under på klaga, og det er ikkje naudsynt med ei grunngjeving.

– For min del handla det om at eg meiner saka kom ut av kontroll, det var ei kritikkverdig møteleiing, og det var ei ihopsnekring av eit vedtak som var vanskeleg å sjå konsekvensane av, seier Bjørdal.

Ho insisterer på at det i ei sak som har vore så omdiskutert over lang tid, med mistillit og skuldingar om rotete sakshandsaming, var det ekstra viktig at det vart eit ryddig møte med ryddige prosessar.

– Det vart det dessverre ikkje tysdag, og i håp om at saka kan få ei betre handsaming anka vi henne til kommunestyret, seier Bjørdal.

Og det vart ein del forvirring under handsaminga av saka i samfunnsutvalet. Etter ein innleiande debatt vart det synfaring i Osgeila og området i kring, og etter at denne var ferdig, heldt debatten fram i utvalet.

Utvalsleiar og møteleiar Inge Kolås (Frp) var oppteken av å få fram eit forslag til vedtak alle kunne semjast om. Dette sjølv om det var klart at det var to heilt motstridande syn i saka, nemleg om det skulle vere bom eller ikkje i sjølve Osgeila.

Kolås prøvde fyrst å få til ei semje utan at der låg noko forslag på bordet. Då reagerte assisterande rådmann Eldar Rune Øye.

– De kan ikkje røyste over noko som ikkje ligg føre. Då får de ta eit gruppemøte, og kome fram til eit eins forslag, sa Øye.

Det skjedde ikkje, og i staden kom der fram fleire forslag. Etter litt fram og tilbake låg det føre tre forslag det skulle røystast over. Etter at forslaget frå mindretalet om bom i Osgeila fall, ville Kolås at dei to attverande forslaga skulle setjast opp mot kvarandre. Dette protesterte mindretalet på, fordi dei ikkje var samde i noko av dei, og dermed ikkje fekk synleggjort sin motstand.

Til slutt gjekk Kolås med på å røyste over dei to attverande forslaga kvar for seg.