Det fortel Margareth Kvalsvik Jensen og Aleksandra Bacia. Dei er høvesvis avtroppande og påtroppande apotekarar hos Apotek 1 Ørsta.

Formelt slutta Kvalsvik Jensen som apotekar 1. desember, og Bacia tok då over. Kvalsvik Jensen, frå Torvika, har vore apotekar/dagleg leiar sidan desember i 2010. Etter sju år takkar ho for seg.

– Eg skal verte heimeverande. Med tre små under sju år, og ein mann som er på sjøen, har eg bestemt meg for at eg vil ha litt kvalitetstid heime, fortel ho.

Aleksandra Bacia kjem frå ei farmasøytstilling hos apoteket på Nordfjordeid, og vil pendle frå bustaden på Stårheim. Ho er opphavleg frå Polen, og har budd i Noreg i ti år.

Apotek 1 Ørsta held til på Amfi i Ørsta, og ifølgje Kvalsvik Jensen, er ikkje det tilfeldig.

– Det er ein trend at apoteka etter kvart hamnar på kjøpesentera. Det har vore ei stor utvikling i bransjen dei siste tiåra. Frå å vere sjølveeigde private apotek til å verte ein del av store apotekkjeder. Vi må vere der det er stor handel for å kunne konkurrere, for innteninga på det som vert rekna som typiske apotekvarer, altså legemiddel, er ikkje så stor, forklarar Kvalsvik Jensen.

Apotek 1 Ørsta har tolv stillingar, og av desse er fem farmasøytar inkludert apotekaren/dagleg leiar.

– Apoteka er spesielle fordi det er krav om farmasøytstillingar. Det vil seie personar med mastergradsutdanning innan farmasi, fortel Kvalsvik Jensen.

Det er for det meste slutt på at farmasøytane lagar til medisindosane sjølve. I all hovudsak er desse ferdige frå legemiddelselskapa si side.

– Det er eitt unnatak, og det er ymse antibiotikablandingar, der det framleis er vi farmasøytar som laga desse til. Vi lagar også til multidosar med medisin overfor heimesjukepleia, slik at ein skal sleppe å leggje medisin i dosett sjølve, fortel Kvalsvik Jensen.

Elles er arbeidet på eit apotek mykje rettleiing og kunderådgjeving, både om legemiddel og andre hjelpemiddel.

Men butikkutvalet har altså endra seg. No i juletida er det høggir for apoteket. Folk kjem innom for å handle julegåver.

– Det kan vere t.d. hudpleieartiklar, eller det kan vere sjokolade og kaffi. Og etter jul kjem slankemidla, seier Aleksandra Bacia med eit smil.