Ein mann i slutten av 20-åra erpågripen og sikta for grov kroppskrenking etter overfallet på eiunge kvinne i Volda natt til søndag, melder Møe og Romsdal politidistrikt i ei pressemelding.

- Den sikta vart avhøyrd utover kvelden tysdag på Volda og Ørsta lensmannskontor og han vilbli framstilt i tingretten med krav om varetektsfengsling, seierpolitiadvokat Cathrin Remøy i Møre og Romsdal politidistrikt.

Pågripen tysdag

Densikta mannen – som ikkje er norsk borgar - vart pågripen avpolitiet tysdag ettermiddag i bustaden sin i ei av nabokommunanetil Volda.

Det vart sett i verk ei omfattande etterforsking sominvolverte fleire einingar i Møre og Romsdal politidistrikt då detnatt til søndag kom inn melding om at ei 20 år gammal kvinne haddevorte overfallen i sin eigen bustad i Volda sentrum.

- Vi har fåttmykje hjelp frå publikum i løpet av dei døgna som har gått sidanoverfallet og gode vitneforklaringar spelte ei sentral rolle då deisiste bitane fall på plass slik at vi kunne pågripe det vi trur ergjerningsmannen, seier lensmann Guttorm Hagen i Volda og Ørsta.

Glad for rask oppklaring

Lensmannen understrekar kor viktig det det er å oppklare slikesaker raskt.

- Det er viktig at folk skal kunne kjenne seg trygge isin eigen bustad, seier lensmann Hagen.