Korleis vert Ørsta og Volda i 2030? Noko av svaret ligg kanskje i bustadbehovanalysen som Volda kommune arbeider med. Dei kommunale planleggjarane trur at utviklinga med fortetting i Volda sentrum vil halde fram.

– Ein må derfor planlegge for ein folketilvekst med 1.500- 1.600 personar i planperioden (fram mot 2030), står det i eit arbeidsnotat.

Den same sentraliseringa har gått føre seg i Ørsta i fleire tiår. Og dei to tettstadane veks mot kvarandre. Også Mork og Hovdebygda, opplever og vekst.

– Det ligg til rette for at dei to tettstadane kan komplettere kvarandre i ein fells bustadmarknad, står det i utkastet til bustadbehovanalyse.

Medan Ørsta så langt har vore eit paradis for dei som vil bu i einebustad, er det ei annleis utvikling i Volda. Her har tilbodet på einebustader vore avgrensa. Samstundes er det fleire som bur åleine i Volda enn i Ørsta.

Volda:Mest småhus

Resultatet er at sju av ti nye bustader i Volda dei siste åra er småhus eller leilegheiter. Planleggarane ventar at denne trenden vil halde fram.

– Sjølv om det er ført opp over 70 prosent småhus og leilegheiter (i Volda) dei siste åra kan prisutviklinga tyde på at det er behov for fleire slike bustader, står det i utkastet til bustadbehovsanalyse.

Som grunngjeving vert det vist til at prisane på brukte einebustader er nokså lik i Ørsta og Volda, medan bruktprisen på mindre bustader er høgre i Volda.

Johnny Kragset i Kragset Eigedomsmekling følgjer utviklinga i bustadmarknaden tett, men trekkjer ingen klare konklusjonar om framtida.

– Marknadskreftene styrer også kampen om innbyggjarane. Det avgjerande er at det er tilgang på rett type bustader. Det er for så vidt rett av vi treng fleire leilegheiter og mindre bustader, men dei bør byggast sentralt, vere på fire-fem etasjar, og helst i betong. Det er ikkje mangel på fleirmannbustader i tre, seier han.

Treng sterke sentrum

Nøkkelen ligg i å få attraktive og sentrale leilegheiter for husstandar med 1–2 menneske, til dømes eit pensjonistektepar.

– På denne måten vert einebustader frigitt for barnefamiliar. For dei aller fleste familiar ønskjer å bu i einebustad. Tilgang på brukte einebustader og tomter for nye einebustader er også viktig for å trekke til seg nye innbyggarar. Det er ikkje lenger slik at du treng å bu i Volda fordi du får jobb på sjukehuset, seier Kragset.

Ros til Ørsta

Han meiner Ørsta har vore flinkare enn Volda til å utvikle bustader i den gamle sentrumskjerna.

– Ørsta Brygge er eit fint døme. Dessutan har det vore tilgang til om attraktive tomter for einebustader på Øvre Mo. I Volda er Skjellebreida eit godt døme, men det trengst fleire slike prosjekt. Du kunne lett fått 1000 nye leilegheiter i Volda ved å omdisponere areal og utidsmessig bygningsmasse i sentrum, meiner Kragset.

Eit attraktivt sentrum, med bystruktur og urbane kvalitetar, skaper etableringslyst og utvikling som også kjem omliggande bygder til gode, meiner Kragset.

– Sjå til Ulsteinvik. Her er det lagt til rette for sentrale leilegheiter samtundes med utvikling av urbane kvalitetar som hotell, handelstilbod, og gode fasilitetar for idrett og kultur.

Meklar: Eigedomsmeklar Johnny Kragset meiner Ørsta og Volda må satse på meir urbane sentrum. Foto: Janne-Marit Myklebust