(smp.no) Saka gjeld ein årelang tvist mellom Ørsta kommune og ein grunneigar på Mo, like sydvest for det store byggefeltet Mosmarka. Då saka om oreigning første gong kom opp for nærare ti år sidan, blånekta grunneigar og småbrukar Harry Moe å selje til kommunen.

Grunneigaren sveltestreika

Kommunen stod på sitt og Moe svarte med å gå til sveltestreik. Saka fekk svært stor fokus, etter at Moe sleppte Sunnmørsposten inn på kjøkenet for å forklare kva saka dreia seg om.

– Heller døy, enn å late kommunen legge dette fine småbruket vårt under asfalt og betong, sa Moe mellom anna. Han heldt fram sveltestreiken, og det oppstod etter kvart eit veldig press på kommuneleiinga. Etter kvart gav kommunen etter, på den måte at saka vart utsett i eit tiårsperspektiv.

Etter at den tida no er omme, og retten har handsama saka i fleire omgangar, har Søre Sunnmøre tingrett no fastsett den høgaste prisen nokon gong i utkanten av Ørsta sentrum: 690 kroner per kvadratmeter. Dermed må Ørsta kommune no ut med tolv millionar kroner for dei litt over 17 dekar areal som er att av bruket. Eigaren Harry Moe har i mellomtida gått bort, og det er no dei to borna hans som arvar tomteoppgjeret.

– Ørsta ein attraktiv stad

I tillegg må kommunen betale fire prosent rente frå grunnen vart teken i bruk, og dei må ut med nærare hundre tusen kroner til sakførar Bjørn Kristian Hove. Han har ført saka gjennom alle desse åra, først for Harry Moe, og seinare for arvingane hans. Hove har berre ein kort kommentar til etter skjønet:

– Eg konstaterer at Ørsta kommune er ein attraktiv stad, seier Hove til Sunnmørsposten.

Det høyrer med til historia at Ørsta kommune ville ha monaleg prisreduksjon fordi dei løyser inn eit komplett areal samtidig, og at det samstundes er konkurranse frå profesjonelle utbyggjarar i området. Dette var retten heilt usamd i. Også i Hovdebygda har tomteprisen stige til over 600 kr/kvm, etter at utbyggingsaktørar har bode over kvarandre.

Ordførar Stein Aam seier i ein kommentar at det er godt å få denne langdryge saka ut av verda.

– Dette området ville uansett verte bygd ut. Og tomtene her vert mellom dei flottaste i kommunen. Eg er overtydd om at dei vil verte selde, sjølv om vi betaler gullpris for dei, seier Aam.

Denne saka vart først publisert i Sunnmørsposten.