Både Ørstahallen (fleirbrukshallen) og idrettsanlegg på Vartdal er på søkjarlista.

Det er Møre og Romsdal fylkeskommune som avgjer kven som skal få spelemidlar, men kommunane vert bedne om å prioritere. Det handlar mellom anna at det er eit etterslep på utbetalingane spelemidlane. Det kan gå fire til fem år frå den fyrste søknaden kjem inn, og til utbetaling skjer.

I Ørsta er det levekårsutvalet som skal prioritere, og før møtet onsdag rår administrasjonen til ei slik prioritering:

Ordinære anlegg/rehabilitering

1) Kunstgrasbane (rehabilitering), Ørsta stadion, Ørsta IL.

2) Fleirbrukshall m/klatrevegg, ved Ørsta stadion, Ørsta kommune.

3) Flyhangar ved Ørsta Volda Lufthamn, Ørsta/Volda Flyklubb.

4) Kunstgrasbane,

Vartdal T & IL.

5) Lys på kunstgrasbane,

Sæbø IL.

6) Lysanlegg, Nakkeløypa,

Bondalseidet, Ørsta Skisenter AS.

7) Vartdal skytebane, elektroniske skiver, Vartdal Skyttarlag.

8) Lager/reiskapshus, Hovdebygda stadion, Hovdebygda IL.

9) Turveg Holmane/idrettsparkområdet, Ørsta kommune.

Nærmiljøanlegg

1) Klatrejungel, Vikemarka skule, Ørsta kommune.

2) Rullepark, Velle skule, Ørsta kommune.

Ei utfordring for kommunen og søkjarane er at ikkje alle søknader har alt det formelle i orden enno. Difor er det kommune har sett ein eigen søknadsfrist til 20. oktober, og dei laga som held seg til denne søknadsfristen får tilbod om hjelp til oppfølging og rettleiing for å få alle formalitetar på plass. Den offisielle søknadsfristen til fylkeskommunen er 15. januar.

– Her er det med både fornya søknader nye søknader og søknader med vesentlege manglar. Søknadane må vere fylt ut i den digitale søknadsordninga før vidare handsaming og oversending til fylkeskommunen. Då må også direkte krav til vedtak/vedlegg vere på plass. Dokumentasjon på kostnader og finansiering kan i nokre høve ettersendast slik fylkeskommunen krev det. I fjor lukkast Ørsta kommune med å få godkjent alle vidaresende søknader, kommenterer rådmannen.

Fleirbrukshalltomta: Den nye Ørstahallen byrjar snart å ta form på Utstillingsplassen. Mykje skal finansierast med spelemidlar. Foto: Rune Sæbønes